Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Arafjellet og Sålefjella fra Snørteland

Dato:
23.04.2024

Om lag 10 km og 2 ½ timars runde i fint ver med kjølig nordavind. Opp om Reiarsvatnet og ned om Gruvevegen; så 1,7 km retur langs Austre Karmøyveg.

Kart    

Hustveitsåta på ski frå Hustveit

Dato:
21.04.2024

På mange måtar kopi av turen frå i fjor vår , bare at me hadde perlever denne gangen. Bar skia til oppunder høyløa på om lag 400moh, så var det flott skiføre resten av turen. Som i fjor gjekk me opp Fagradalen etter Øvrastølsvatnet og så småbratt opp draget som leier opp på toppryggen om lag ved 900m-koten. Men før me kom heilt opp på ryggen vart det mat- og kaffipause i den sørvende solveggen like nedanfor. Vel oppe på toppryggen gjekk dei siste seige 300 hm til topps på vekselvis vindpolert skare og fokksnø, tidvis med kraftig bølgemønster (kalla «båreskjelta» i Ryfylke). Det var nok vinden dagen før som hadde herja med det vesle som hadde kome av nysnø. Så toppa me ut saman med ein handfull andre som hadde kome opp frå Svandalen og kunne gratulera kvarandre med dagen og dei fine forholda. >>>

Kart    

Håvelifjell og Søre Sålefjell fra Gruvevegen

Dato:
17.04.2024

1 time 20 min på kveldstur i flott vårver.

Kart    

Arafjella frå Tømmervik

Dato:
13.04.2024

Fin runde frå Tømmervik som var nytt utgangspunkt for meg. Om lag 7,5 km og 2 timar 10 min på tur. Såg to-tre ørner korav ei kongeørn, skremde opp tre enkeltbekkasinar, ei rugde og eit rådyrpar. Dessutan var det fuglesong av alle dei vanlege slaga ein slik aprildag.

Kart    

Krossfjellet og Øykjafjellet frå Dalen

Dato:
07.04.2024

Gråverstur på litt over timen. Gjekk frå garden i Dalen til skardet mellom toppane, så til topps på begge to.

Kart    

Sandvevarden heimefra

Dato:
03.04.2024

Kveldstur i strålande vårver, med spelande enkeltbekkasin, jernspurv par i kurtise og bonanza med syngande rødvingetrostar, måltrostar, svarttrostar og rødstrupar. 1 time til topps og litt over 2 timar på tur utan nærare tidtaking, om lag 10 km til saman.

Kart    

Åmlinuten fra Arbuvollen

Dato:
01.04.2024

Godværstur 2. påskedag på svært fint føre utenom de isete løypene. En del ryper livet opp, både visuelt og lydmessig, så det er tydelig at våren er i emning.

Kart    

Nordre Råsanuten fra Råsehallet

Dato:
31.03.2024

Rask ettermiddagstur på randoskia i kjempefine forhold!

Kart    

Smørviknuten og Aust for Kreklingdyrflotte fra Råsehallet

Dato:
30.03.2024

Ny fin runde med Sigbjørn med to topper som bonus, tidvis bedre vær enn meldt.

Kart    

Tyrvelinuten og Aust for Kreklingdyrflotte fra Råsehallet

Dato:
29.03.2024

Fjellrunden med Sigbjørn med to topper som bonus i svært vekslende vær.

Kart