Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Bergeheia og Krunefjell på ski frå Målandsdalen

Dato:
30.01.2021

Endå ei finvershelg med godt skiføre i Jørpelandsheia, men med fare for både snøbyger og skodde på dei høgaste toppane, var me litt spente på kva dagen ville bringa. Igjen vart startpunktet lagt til Boremyr i Målandsdalen, som med sine 350 hm stigning på traktorveg i inngangsbillett ikkje er førstevalget for så mange. Brukte om lag 45 min opp traktorvegen, som nå er blitt brøyta anleggsveg, og me måtte derfor bera skia heilt til endes. Kursen det første stykket vidare vart lagt etter spora mine frå sist helg , og planen var å gå opp på Bergeheia og ut til Krunefjell med sin flotte utsikt over Jørpelandsheia. Skodda låg sanneleg over toppane, og ei stund vart endåtil Bergeheia borte for oss. Det hadde berre kome nokre få cm nysnø denne veka, men det var ikkje så kaldt som sist, så >>>

Kart    

Vardhusheia, Bergeheia og Salane på ski frå Målandsdalen

Dato:
24.01.2021

Med meir enn nok snø som bar godt, og framifrå styresnø på toppen, vart denne godversturen til Målands- og Brogaheia ein av mine aller finaste. Sjølv om det er blitt traktorveg til oppunder Prammaleitet og nå sist kraftutbygging i Målandsdalen, er det ikkje mange som finn hit opp, og denne dagen var det bare dyreføter og mine ski som teikna mønster i snøen. Eg brukte som vanleg om lag 45 min opp traktorvegen frå Rv. 13 ved Boremyr. Fordi vegen var brøyta, vart det bering eit godt stykke oppi bakkane før skia kom på. Ikkje uventa var det anleggsmaskinar, røyrlager og anna utstyr langs vegen og på toppen, men då dette var tilbakelagt, var det heldigvis bare snøen, sola og meg. Eg hadde vore spent på om snøen bar, men som nevnt var det heilt eineståande forhold. Ikkje ein >>>

Kart    

Longavatnet på ski frå Liarvatnet

Dato:
16.01.2021

Flotte snøforhold og islagt Liarvatn alt i midten av januar er lenge sidan, og sjølv om vatnet ikkje var "godkjent" av Folkehjelpa, tok me sjansen på å gå over. 10-15 minusgrader sidan nyåret borga for kvalitet, og det var spor etter folk etter fleire dagar med framifrå ver. Me visste at det ville bli seriøst trafikkaos i Dalen denne lørdagen, og starta derfor alt i 9-tida. Det var meldt tilskyande og med aukande vind, men det starta upåklageleg med skyfritt, stilt og 10-12 minusgrader. Det var gode spor inn til Grimsli, men fleire stader med ekkelt overvatn på isen. Gildt å vera her inne att, og med tilnærma julekortstemning med snø på trea. Det var som venta spor oppover til Forenesvatnet, men overraskande få hadde gått før oss, det skulle visa seg å bare vera >>>

Kart    

Fagerlinuten og Kaldheimshovda frå Kritle

Dato:
03.01.2021

Årets første skitur i strålande solskin. 5 kuldegrader nede i Etne, så truleg 10 ved turstart. Fine snøforhold, men litt tynt nede ved parkeringa. 3 timar på tur.

Kart    

Båltur til kaffisteinen

Dato:
01.01.2021

Flott turstart på det nye året!