Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Krunefjell og travers av Vardhusheia frå Forenesvatnet

Date:
21.06.2026

Igjen klart for eit flott sommardøgn i paradiset! Kom opp i gråvêr lørdag kveld, og i Dalen var det så tett skodde at eg måtte kjøra på GPS det første stykket over Liarvatnet. Men frå Tungslandsneset letta det heldigvis, og vidare innover var det god sikt. Det vart forresten to turar frå Grimsli og opp til hytta denne kvelden med diverse utstyr – retteleg god trim! Søndag morgon låg Forenesvatnet ganske stilt, og smålomen var på plass. I 1020-tida la eg turen beint oppover mot Ullskrofjellet med ein plan om å ta ein runde om Krunefjell og Vardhusheia. Sidan eg fann nedgangen om Støladalen forrige helg , skulle ein fin travers av Vardhusheia frå nord til sør la seg gjera. Det ville i så fall vera første travers sidan den flotte skituren vår motsatt veg snøvinteren 2021 . Det vart ein fin utsiktstur >>>

Map    

Gaupåsen fra Helgaland

Date:
18.06.2026

Fin gråverstur med Øyvind, blåkopi av turen i 2021 . Om lag 3 ¼ timar på tur uten nærare tidtaking. Blåmerkinga fra forrige tur var ikkje vedlikeholdt, så det blei litt stilaus bushing. Flott observasjon av ei hjortekolle med kalv i skogen oppunder toppen.

Map    

Førlandsåsen frå Dalavegen

Date:
15.06.2026

Drygt 50 min på finvêrstur.

Map    

Gamlestølsknuten frå Forenesvatnet

Date:
14.06.2026

Så var det duka for eit flott sommardøgn i paradiset! Kom opp i gråvêr lørdag kveld, og etter dei siste dagane med striregn var det stor vassføring i Forenesvatnet. Dei andre hyttene virka tomme, så eg var heilt aleine. Søndag morgon låg vatnet stilt og blankt, og smålomen som har vore til og frå i det siste, var på plass. I 0930-tida la eg turen oppover mot stemmen i Longavatnet med ein plan om å utforska det stort sett stilause lendet aust for vatnet. Dette ville eg kombinera med ein ny visitt til den lite besøkte Gamlestølsknuten som eg hadde gleda av å oppleva for første gang i 2021 . Som erfart på turen til Bratteli og Hengjane i 2022 var det relativt lettgått på austsida av Longavatnet, tidvis endåtil på dyretråkk og stiar. Eg var bortom den søre kanalen mellom sjølve Longavatnet og den søre Vardhustjødna >>>

Map    

Vidhovda frå Sandeid til Øklandsvegen

Date:
10.06.2026

2 ¾ timar på tur. Hadde griseflaks med vêret med fint opphald etter fleire styrtbyger, og kom til topps til solgløtt og framifrå utsikt. Etter mat og kaffi ved varden gjekk me ned til ventande bil ved Øklandsvegen via sekundærtoppen Hovda. Her fekk me på oss ei ny byge, men då var me nærast ferdige med turen. Eit par ørner – truleg havørner – og ein ravn sigla like ved hovudtoppen.

Map    

Vardhusheia frå Forenesvatnet

Date:
06.06.2026

Flott tur frå hytta ved Forenesvatnet til topps med Olaug i vekslande vêr, om lag 4 ½ timar. Høyrde fleire gaukar, ein ringtrost og skremde opp ei rype oppunder toppen.

Map    

Ullskrofjellet og Bergeheia frå Forenesvatnet

Date:
04.06.2026

Flott utsiktsrunde frå hytta ved Forenesvatnet på drygt 1 ½ time i vekslande vêr. Gjekk bratt opp på Ullskrofjellet rett frå hytta og ned om Bergeheia. Såg ei ørn – truleg kongeørn – og truleg ein tårnfalk. På ein liten rotur i kveldinga landa det ei gråhegre i nordenden av vatnet.

Map    

Forenesvatnet frå Liarvatnet/Grimsli

Date:
03.06.2026

Langhelg i eiga hytte i paradiset! Våt tur opp onsdag ettermiddag i bygevêr, så ein rotur på vatnet i kveldinga.

Slottsfjellet fra Tønsberg sentrum

Date:
01.06.2026

Kveldstur ifm. jobbreise.

Map    

Forenesvatnet frå Liarvatnet/Grimsli

Date:
28.05.2026

Rask kveldstur med diverse varer opp til hytta ved Forenesvatnet som straks blir vår, i herleg sommarver. Gauken gol fleire stader, bl.a. ved hytta, og i Forenesvatnet liva eit lomapar opp, etter alt å døma smålom.