Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Nordre Sålefjell og Storesåt frå Gruvevegen

Date:
26.03.2026

Om lag 9 km og 2 timar 20 min på tur med ein kort pause. Svært vekslande ver med både sol og haglbyger.

Map    

Håvelifjell og Søre Sålefjell fra Gruvevegen

Date:
19.03.2026

70 min på tur i lettskya ver, ennå lite vårliv å sjå.

Map    

Frå Forenesvatnet til Liarvatnet ad omvegar

Date:
15.03.2026

Flott retur frå hytta ved Forenesvatnet søndag føremiddag , 3 ½ timar på tur med fleire interessante avstikkarar. Først steingjekk eg Longavassåna slik eg hadde funne ut på fredag, og dermed sparte eg heldigvis omvegen om stemmen i Longavatnet. Vidare vart det ein første avstikkar til utløpsosen og så ein til tjødnane nedanfor Liarknuten, der det òg var flott utsikt over Grimsli. Vel nede i Grimsli traff eg kjentfolk ved den fine gapahuken, så då blei det matpause og ein god drøs der før transportetappen tilbake til bilen. I Grimsli såg me ei grå- eller grønspette, ellers ikkje liv.

Solknuten frå Forenesvatnet

Date:
14.03.2026

Lørdag ved Forenesvatnet vart det føremiddagstur i vekslande vêr, 2 timar 20 min. Såg ferske hjortespor og ein del spor etter mindre dyr, i alle fall truleg ekorn. Skremde òg opp to orrhøner oppunder Solknuten. Høyrde dessutan ei kvinkande spette i skogen – visseleg grøn- eller gråspette. Etter føremiddagsmat, strekk og middag fekk eg ei fin oppdagarferd oppover i skogen, heilt oppunder veggen på Krunefjell – det er her det heiter Ullskro. Spennande terreng med digre rasblokker og urørd skog – 1 ¼ time retteleg kvalitetstid!

Map    

Frå Liarvatnet til Forenesvatnet om Longavatnet

Date:
13.03.2026

Endå ei helg reservert i Jarle si hytte ved Forenesvatnet, denne gangen med relativt dårleg vêrmelding. Det vart 2 timar 50 min på tur frå parkeringa ved Liarvatnet, relativt tungt i nysnø, med aukande snømengde oppover mot Forenes- og Longavatnet. Det var såpass vassføring i Longavassåna at eg ikkje torde kryssa henne med full oppakning og valde derfor å gå heilt opp til stemmen. Som vanleg godt å koma fram til hytta! Etter å ha fått lunk i hytta og hatt meg ein god middag, vart det ein ettermiddagstur på 1 ½ time. Hovudformålet var å finna ein trygg trasé over Longavassåna, noko eg greidde. Det gjer at returen ikkje treng å gå om stemmen i Longavatnet. Turen vart avslutta med ein sving oppom utsiktspunktet rett ovanom hytta.

Map    

Geithaug og Aurfjellet fra Burmavegen

Date:
06.03.2026

55 min på gråverstur, start fra Kigjavatnet og 1 km retur på Burmavegen til bilen. Såg ei havørn ved Paddetjørna.

Map    

Boknafjellet fra P-plass

Date:
05.03.2026

Rask tur på heimveg fra Etne.

Map    

Arafjella frå Snørteland

Date:
04.03.2026

1 ½ time på tur i flott vårver; opp om Løkjen, ned om Reiarsvatnet. Såg eit ravnepar, nokre kvinand-par i Reiarsvatnet og skremde opp ein enkeltbekkasin.

Map    

Smørviknuten og Tyrvelinuten fra Råsehallet

Date:
28.02.2026

Til topps etter fjellrunden med familien og Pelle. Det var isete i løypa, men skaren bar veldig godt, så det var fint å gå på fjellski med kortfeller i terrenget.

Map