Archive - Date
Archive - Activity
Favourite trips
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favourite peaks
Nordre Sålefjell og Storesåt frå Gruvevegen
- Date:
- 26.03.2026
Om lag 9 km og 2 timar 20 min på tur med ein kort pause. Svært vekslande ver med både sol og haglbyger.
Håvelifjell og Søre Sålefjell fra Gruvevegen
- Date:
- 19.03.2026
Frå Forenesvatnet til Liarvatnet ad omvegar
- Date:
- 15.03.2026
Flott retur frå hytta ved Forenesvatnet søndag føremiddag , 3 ½ timar på tur med fleire interessante avstikkarar.
Først steingjekk eg Longavassåna slik eg hadde funne ut på fredag, og dermed sparte eg heldigvis omvegen om stemmen i Longavatnet. Vidare vart det ein første avstikkar til utløpsosen og så ein til tjødnane nedanfor Liarknuten, der det òg var flott utsikt over Grimsli.
Vel nede i Grimsli traff eg kjentfolk ved den fine gapahuken, så då blei det matpause og ein god drøs der før transportetappen tilbake til bilen. I Grimsli såg me ei grå- eller grønspette, ellers ikkje liv.
Solknuten frå Forenesvatnet
- Date:
- 14.03.2026
Lørdag ved Forenesvatnet vart det føremiddagstur i vekslande vêr, 2 timar 20 min. Såg ferske hjortespor og ein del spor etter mindre dyr, i alle fall truleg ekorn. Skremde òg opp to orrhøner oppunder Solknuten. Høyrde dessutan ei kvinkande spette i skogen – visseleg grøn- eller gråspette.
Etter føremiddagsmat, strekk og middag fekk eg ei fin oppdagarferd oppover i skogen, heilt oppunder veggen på Krunefjell – det er her det heiter Ullskro. Spennande terreng med digre rasblokker og urørd skog – 1 ¼ time retteleg kvalitetstid!
Frå Liarvatnet til Forenesvatnet om Longavatnet
- Date:
- 13.03.2026
Endå ei helg reservert i Jarle si hytte ved Forenesvatnet, denne gangen med relativt dårleg vêrmelding. Det vart 2 timar 50 min på tur frå parkeringa ved Liarvatnet, relativt tungt i nysnø, med aukande snømengde oppover mot Forenes- og Longavatnet. Det var såpass vassføring i Longavassåna at eg ikkje torde kryssa henne med full oppakning og valde derfor å gå heilt opp til stemmen. Som vanleg godt å koma fram til hytta!
Etter å ha fått lunk i hytta og hatt meg ein god middag, vart det ein ettermiddagstur på 1 ½ time. Hovudformålet var å finna ein trygg trasé over Longavassåna, noko eg greidde. Det gjer at returen ikkje treng å gå om stemmen i Longavatnet. Turen vart avslutta med ein sving oppom utsiktspunktet rett ovanom hytta.
Geithaug og Aurfjellet fra Burmavegen
- Date:
- 06.03.2026
55 min på gråverstur, start fra Kigjavatnet og 1 km retur på Burmavegen til bilen. Såg ei havørn ved Paddetjørna.
Arafjella frå Snørteland
- Date:
- 04.03.2026
1 ½ time på tur i flott vårver; opp om Løkjen, ned om Reiarsvatnet. Såg eit ravnepar, nokre kvinand-par i Reiarsvatnet og skremde opp ein enkeltbekkasin.
