Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Bukkafjellet fra Brekko

Date:
22.05.2025

3 timer uten pauser og ca. 11 km på tur i svært vekslende vær, alt fra solskinn og varme til snødrev! Jeg vet sannelig ikke hva som er optimal trasé til denne toppen med Brekko som utgangspunkt. Jeg fulgte høydedraget sørøstover fra utløpet av Storavatnet i nokså rett linje til topps. Dette gav meg trolig nesten 100 hm ekstra opp og ned i hver retning i relativt tungt terreng, derav anslagsvis 650 hm stigning ad min rute.

Map    

Syreneset fort fra Skådel

Date:
18.05.2025
Map    

Frå Nagatjødnane til Dalen over Revafjellet

Date:
11.05.2025

Søndag morgon ved Nagatjødnane hadde eg planar om å ligga litt frampå, men i 7-tida var det like godt å koma seg ut av hengekøya. Då var både fuglesongen og sola såpass påtrengande at det ikkje var nokon sjangs til å sova vidare. Eg pakka sekken og tok meg ned det korte stykket til Nagaheia der eg ville eta frukosten øvst på heia med morgonsola beint imot. Eg hadde avtale om å bli henta ved Liarvatnet i 1230-tida og hadde derfor uendeleg god tid. Planen var å bare kosa meg over Revafjellet og kanskje gå ned til Dalen via Guromyrfjellet. Men først var det tid for varm middag til frukost, noko som smaka herleg etter gårsdagens kaloriforbruk. Etter frukosten fekk eg med meg både hovudtoppen og vesttoppen på Revafjellet, men frå sistnevnte tok eg meg ned mot Holtjødna via skardet sør for toppen. >>>

Map    

Naganibba, Bratteliknuten og Godlifjellet frå Liarvatnet

Date:
10.05.2025

Maitur i Jørpelandsheia i finver er alltid like gildt, og når det i tillegg blir råd med overnatting, blir det oftast minnerikt. Denne langturen med utgangspunkt ved Liarvatnet blei helst ein kopi av teltturen til Naganibba og Godlifjellet i fjor, men denne gangen var planen å koma seg heilt til Bratteliknuten. Denne høgaste toppen i Jørpelandsheia er krevande uansett utgangspunkt, og frå Liarvatnet er det heile 7,5 km i luftlinje. Eg har vore der både frå Preikestolhytta og frå Songesand kai , men aldri før frå Jørpeland-sida. I godversperioden som hadde vore ei tid, låg det an til å kunna overnatta under stjernehimmelen denne helga. Dermed sparte eg ein del vekt på å la teltet bli att heime. Men både hengekøya og stormkjøkkenet blei med, så det skulle ikkje stå på kosen. Lørdag kl. 1115 tok eg farvel med «privatsjåføren» >>>

Map    

Vådlandsknuten fra Madlandsvegen/Fossbekken P-plass

Date:
07.05.2025

Førsteklasses godværstur, neppe ofte man får gå så alene i dette bynære terrenget. Hilste kun på en kar som var på veg opp i Høylandskaret da jeg var på returen. 1 time 10 min til topps, en god pause med gjensyn med mange tidligere turmål og 2 timer 35 min på tur. Svært mange løvsangere i terrenget og skremte dessuten opp en orrhøne. Første besøk i dette flotte området for min del.

Map    

Nordre Sålefjell, Skrivarvarden og Storesåt fra Gruvevegen

Date:
06.05.2025

Flott runde i sol og nordavind, snaut 10 km og 2 ¼ timer på tur uten nærmere tidtakning. En rødstilk livet opp ved Pikhaugmyrane, ikke så lenge etter turstart.

Map    

Staklandsåsen fra Hundsnesvegen

Date:
01.05.2025

Kjapp retur til Staklandsåsen etter at høyeste punkt er flyttet 450m lenger sør-sørøst. Start ved masseuttaket like øst for toppen og bare 25 min på tur. Flott observasjon av en havørn ved turstart.

Map    

Flatafjellet frå Regnarvatnet via Regnarbotn

Date:
30.04.2025

Flott runde på heilt nye stiar for meg, 1 time 20 min på tur. Løvsangar-bonanza og orrespel ved turstart.

Map