Arkiv - datum
Arkiv - aktivitet
Favoritturer
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Travers av Nordre Maradalstindar og
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favorittoppar
Retur frå Forenesvatnet til Målandsdalen
- Datum:
- 24.10.2026
Flott retur frå hytta ved Forenesvatnet før uvêret skulle setta inn for alvor. Sidan vinden kom frå søraust, var det tidvis live over Målandsheia, medan det helst gjekk kvitt på Målandsvatnet.
Forenesvatnet frå Målandsdalen
- Datum:
- 23.10.2026
Endå ein beretur til hytta frå Målandsdalen, same opplegg som sist , men lettare bør. Flott vêr over Målandsheia, snaut 2 timar transport pluss 20 min trakking av løype. Ein ravn såg ut til å leika seg oppe i solveggen på Prammafjellet. Fin og stille kveld ved Forenesvatnet, og etter kvart kom det opp ein nesten-fullmåne som gjorde at oktobernatta aldri vart heilt mørk.
Runde frå Tømmervik
- Datum:
- 18.10.2026
2 timars runde i fantastisk haustver, om lag same opplegg som turen frå Tømmervik våren 2024 . Såg ei havørn i flukt, 10-12 dykkender i Stiglene og ei hjortekolle.
Retur frå Forenesvatnet til Målandsdalen
- Datum:
- 16.10.2026
Etter to overnattinger på hytta ved Forenesvatnet , vart det retur til bilen ved Rv. 13 i Målandsdalen. 1 time 40 min lar seg høyra, sjølvsagt med lett bør samanlikna med oppturen.
Forenesvatnet frå Målandsdalen
- Datum:
- 14.10.2026
Tung, men rask transport til hytta med nytt veggkart, første fottur frå Målandsdalen sidan nyttår . Brukte snaut 2 timar med den tunge børa som skuldast at kartet var stabilisert med to kraftige finérplater.
Longavatnet frå Forenesvatnet om Ospeskardet
- Datum:
- 10.10.2026
Godvêrsrunde med Olaug, 2 timar pluss roturen fram og tilbake. Friskt oktoberbad i vatnet etterpå av den tøffaste av oss, og då seilte det to (konge)ørner over Krunefjell.
Søndag morgon var det frost og same finvêret i paradiset. Me tok det bare med ro før retur til sivilisasjonen etter fem flotte haustferiedagar. Ein fossekall liva opp i båtstøa då me skulle ro utover.
Bergeheia og Ullskrofjellet frå Forenesvatnet
- Datum:
- 09.10.2026
Flott runde før regnvêret, for å møta kameraten som kom over Målandsheia på hyttebesøk. Såg ein ravn nedanfor Bergeheia. Bratt retur om Ullskrofjellet ned til hytta.
Vardhusheia frå Forenesvatnet
- Datum:
- 08.10.2026
Endeleg ein flott dag denne veldige regnhausten, og den nytta me godt til tur til Vardhusheia. Tjuande besøk på kremtoppen og jubileum for meg, og ca. 4 ½ timar på tur. Skremde opp ei lirype oppunder toppen, ellers såg me ein ringtrost, ein del heipiplerker og ein meiseflokk.
Longavatnet frå Forenesvatnet om Ospeskardet
- Datum:
- 07.10.2026
Klart for haustferie i paradiset vårt ved Forenesvatnet, og endeleg fekk me retteleg godvêr. Men det vart ei interessant erfaring med rekordhøg vannstand i Liarvatnet etter 110mm nedbør to dagar før. I Grimsli måtte me dra båten heilt opp på graset og fortøya i nokre småbuskar, og i Forenesvatnet måtte robåten ausast til gagns.
Same ettermiddagen tok eg meg ein runde om Longavatnet med ein avstikkar til austtoppen på Hamrane. Fine observasjonar av fire silender i Longavatnet og ein meiseflokk med ei tillitsfull toppmeis. I tillegg brasa det opp ein skogsfugl or krattskogen, mest truleg ein orrfugl i dette terrenget. Om lag 2 ½ timar på tur utan nærare tidtaking.
