Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Krunefjell, Øvre Daurmålsknuten og Fonna/Liarhus frå Tysdal

Date:
30.04.2021

Flott ettermiddagstur til Tysdalsheia bratt opp traktorvegen frå Tysdal. Tragisk at folk får lov til å bygga slike vegar i urørt natur for å få seg hytte til fjells! Vidare greit opp på Krunefjell småbratt frå nord, brukte kun 70 min. på om lag 700 hm til varden. Kjekt for fjerde gang og andre gang på sommarføre, 30 år sidan sist! Vidare tok eg ein fin runde inn mot Grautabotn som var nytt terreng for meg, og så ein sving oppom Øvre Daurmålsknuten som óg var ny. På returen var eg oppom Fonna/Liarhus før det gjekk bratt ned vegen att. Flott vårdag, men markert verskille bare like innanfor i Krøys. Men eg hadde flaks med sol nesten heile turen. Snøfenner i nordhellingane etter snøvinteren og siste snøfall for tre veker sidan. Ennå lite fugleliv å sjå i høgda, men ein >>>

Map    

Vesle Nup fra Ulevå

Date:
24.04.2021

Ettermiddagstur og trangt på parkeringsplassen. Flott vær og varmt i le, men iskaldt der nordavinden tok og stedvis hardt skareføre. Om lag 1 ½ time opp og 2 ½ timer på tur med en kort matpause nedenfor toppen.

Map    

Simleskjåen fra Sveivida

Date:
23.04.2021

Ettermiddagstur opp og ned om Skåfonnhytta. Hardt skareføre og kaldt, men flott vær med litt vind. Om lag 1 ½ time opp og 2 ½ timer på tur.

Map    

Hopsfjellet fra P-plass

Date:
18.04.2021

Fin kveldstur til hovedtoppen på Hopsfjellet normalvegen fra E39. Fulgte hovedstien mot sekundærtoppen og tok av østover opp i skardet ved Staupefjellet før jeg fulgte ryggen til topps. Retur samme veg, og om lag 1 time på tur.

Map    

Rennesøyhodnet fra Østhusvik

Date:
17.04.2021

Finverstur med Olaug. Så nær møkkatur som mulig, for alle ekrene rundt Østhusvik var nedsylta med ferskt land!

Map    

Syreglånå fra Syre og heim

Date:
15.04.2021

Flott kveldstur i nydelig vårvær!

Map    

Håvelifjell og Søre Sålefjell fra Gruvevegen

Date:
15.04.2021

Flott tur i relativt varmt vårver, om lag 1 ¼ time på tur. Hørte bl.a. årets første rødvingetrost.

Map    

Kaldafjellet og Steinkilenuten frå Jonstølen

Date:
11.04.2021

Andre turdag på Jonstølen opprann som venta med kaldt og strålande ver, og det var klart for langtur i Dyraheio. Etter å ha nådd Skoranutane dagen før, var planen å følga sommarruta i retning Steinkilehytta og få med seg så mange stortoppar over 1400 moh som mulig. Me følgte spora våre opp Rennedalen og aust for Tverrlinuten. Vel oppe på småvatna her la me merke til eit tydeleg spor på sørsida av dalen, og lurte på om det kunne vera folk på ei av hyttene her oppe som hadde vore ute på snøskuter. Ikkje før hadde me tenkt tanken, så fekk me sjå eit mektig syn; bak ein fjellknaus 3-400 m framfor oss strøymde det fram vel hundre villrein i raskt trav oppetter dalen. Til alt hell hadde me hatt vinden imot, og dyra hadde ikkje fått veret av oss. Etter kvart vart dei borte oppetter dalen, >>>

Map    

Skoranutane frå Jonstølen

Date:
10.04.2021

Dette vart ei kjempehelg på flotte Jonstølen, endåtil med eksklusiv korona-leige for oss fire som var på tur. 40 cm nysnø gjorde dessutan føreforholda ideelle, nærast heilt til topps på nutane. Det var heldigvis brøyta opp til parkeringa ved Mosvatnet, og me kom fram til varm hytte fredagskvelden med rikeleg plass til å holda forskriftsmessig 2 m avstand. Første turdag var det meldt vekslande ver med ein del vind, så me la turen opp Rennedalen med håp om å nå Skoranutane i jakta vår etter stortoppar over 1400 moh. Me holdt mot venstre oppetter heile dalen og hadde stort sett medvind. Det var mykje nysnø og ein del fokk, så førstemann fekk ein tung jobb med å trø løype for oss andre. Jamvel slalåmbriller var gode å ha heile dagen. Me hadde heldigvis brukbar sikt i det litt >>>

Map    

Kvassåsen fra P-plass i sør

Date:
03.04.2021

Flott topp, men for spesielt interesserte! 15-20 min. bushing kvar veg langs den bratte sørryggen. Eit par klyvepunkt, spesielt den siste hammaren like før toppen, der det trengs litt kreativ bruk av kroppen. Flott utsikt, spesielt mot Hervikfjorden og Borgøy.

Map