Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Lomafjellet på ski frå Dalavegen

Date:
28.02.2018

Endå ein flott skitur i den kvitpynta Jørpelandsheia! Bar som sist skia opp Kjellbrekk og gjekk opp til Tinturvatnet. -12 grader ved bilen og frisk bris minst, gjorde sitt til at eg måtte holda meg i bevegelse. Tok oppom Lomafjellet og så inn Rovadalen. Her var det fint le, og i ei fin solhole tok eg ein god pause. Tok turen inn til Rovakilen i Svortingsvatnet og snudde der. Tilbake same veg, og over Tinturvatnet rauk det godt i vinden, som heldigvis var i ryggen. Ekstra vindbukse og dunjakke vart ubrukt, men var gode å ha som sikkerhet. 3 ½ flotte timar på tur! PS: natta etter hadde målestasjonen ved Liarvatnet minimum i fylket med -18,4 grader, det er sjeldan på våre trakter!

Map    

Guromyrfjellet på ski frå Dalavegen

Date:
25.02.2018

Nok ein sjeldan nærtur i Jørpelandsheia med flotte snøforhold! Første tur med skia på sekken frå Dalavegen og opp Kjellbrekk. Tok på skia der Kjellbrekk flatar ut, og kunne ha dei på heile vegen vidare. Etter å ha passert utsiktspunktet ovanom Tømmervatnet, var det utruleg flotte snøforhold vidare oppover, sikkert opp mot meteren med snø dekka det meste av ujevnt underlag. Hadde langfellene på til eg kom opp til Tinturvatnet, men herifrå var det kun blå Swix resten av turen. Hadde ei lita mimrestund ved den store steinen med hidleren ved Tinturvatnet, der farfar og naboen Peder skal ha fått tyske fly frå Sola på vingene under krigen, fordi dei var uforsiktige med eit bål. Flott vidare langs vestbreidda av Tinturvatnet, kor det var eit par dagar gamle skispor frå før. På >>>

Map    

Revafjellet på ski frå Liarvatnet

Date:
24.02.2018

Fantastiske snøforhold i Jørpelandsheia! Men fordi Liarvatnet ennå ikkje er "godkjent" av Folkehjelpa, turde eg ikkje kryssa det. Rett nok var det skispor, men det freista ikkje å prøva. Difor valde eg å prøva noko nytt, nemleg skia på sekken og vassing i djupsnø opp Lågalia! Som kjent er ikkje dette den vanlegaste inngangen til Jørpelandsheia vinterstid, og den som prøver vil forstå kvifor. Det var stritt oppover, men eg hadde god hjelp av spor frå ein person som hadde gått tidlegare. Eg valde å gå opp på venstre side av Lågaliåna, som er litt brattare, men visste at sjansen for isete underlag frå fosseroket var større på høgre sida. Fekk på meg skia i skogen så snart terrenget flata litt ut, og vann snart høgde ovanom stemmen i Svortingsvatnet. Heldt nokså >>>

Map    

Medfjellsvarden fra Risdal og heim

Date:
20.02.2018
Map    

Aust for Kreklingdyrflotte fra Råsehallet

Date:
17.02.2018

Opp mot toppen såg me spor etter ein reinsdyrflokk som hadde beita på mosen under nysnøen. Dessuten var det spor etter både smågnagarar og truleg ein rev.

Map    

Smørviknuten fra Råsehallet

Date:
16.02.2018

Fleire fine naturopplevingar på denne koseturen, først såg me 10-12 ryper (antakeleg fjellryper, svært små) som beita på fjellbjørk. Så kom me forbi eitt eller fleire ferske lemenkadaver med blod og gørr utover, med ferske revespor. Sidan det hadde snøa før på dagen, må måltidet ha vore fortært like før me kom.

Map    

Tyrvelinuten fra Råsehallet

Date:
14.02.2018
Map    

Salane, Krunefjell og Prammafjellet på ski frå Målandsdalen

Date:
04.02.2018

Kjempefin tur frå Boremyr i Målandsdalen opp den nye traktorvegen til Prammaleitet, og vidare innover mot Målandsvatnet og Brogaheia. Det var mulig å gå på ski heile vegen oppover, og etter kvart flott pudderføre. I 12-tida kom me opp på toppen av vegen og fekk dagens andre soloppgang. Me bestemte oss for å gå på Salane først, som var ny topp for meg. Det var fleire toppunkt, og utsikten var flott både mot Krunefjell, Reinaknuten og Tysdalsvatnet. Me ville vidare opp på Krunefjell, og runda i ein stor bue forbi Salaskardet og over Bergeheia. Herifrå gjekk det småkupert vestover til topps, med fantastisk utsikt mot kjente vatn og toppar i Jørpelandsheia. Det var storarta å stå ved varden igjen, 27 år sidan sist og første gang på ski. Det vart ein god matpause i le for ein >>>

Map