Archive - Date
Archive - Activity
Favourite trips
- Frå Liarvatnet til Hengjane om Longavatnet og
- Lodalskåpa fra Bødalssætra
- Austanbotntindtraversen fra Berdalsbandet
- Jiehkkevárri fra Indre Holmbukta, høyest i Troms
- Travers av Skardstind (vest til øst)
- Hinnåtefjellet, Semeltind, Hellstugutindar fra V.
- Folgefonna, Etne og Kvinnherad
- Knutsholstindtraversen fra Torfinnsdalen
- Nordre Maradalstind og Styggedalsryggen
- Store- og Midtre Ringstind fra Ringsdalen
Favourite peaks
Årets fineste turer 2020
- Date:
- 31.12.2020
Årets 5 fineste turer, kronologisk. 1: Skeia via sørvesteggen , pinsetur i Jotunheimen med karane minus Ola Link til turbeskrivelse dag 1 og turbeskrivelse dag 2 . 2: Snøhetta , sommertur på Dovrefjell med jentene Link til turbeskrivelse . 3: Stetinden (Stàdda) i Tysfjord , sommertur i Nord-Norge med karane Link til turbeskrivelse . 4: Jiehkkevàrri, høyest i Lyngen og Troms , sommertur i Nord-Norge med karane Link til turbeskrivelse . 5: Austanbotntindtraversen , sommertur i Jotunheimen med guide Link til turbeskrivelse .
Toppane i Strand kommune med pf≥100m
- Date:
- 31.12.2020
Bestigningane mine av dei 41 toppane i Strand kommune med pf≥100m, kronologisk. Lista vart fullført 7/4-2020 etter bestigning av Geitatørne ved Hengjane. Skrifta er utheva for toppar som før tilhøyrde Forsand kommune, til saman 7 toppar. a) Småturar i nærområdet rundt Jørpeland med mor og far, gjerne kombinert med bærplukking 1977: Førlandsåsen og Tunglandsfjellet (alfabetisk) 1982: Moslivarden 1984: Longaberg 1985: Barkafjellet b) Lengre turar i Jørpelandsheia med mor og far, gjerne kombinert med fuglekikking 1987: Revafjellet 1988: Godlifjellet, Hesten, Homsknuten, Kjortåsen, Skjørbu, Tibergfjellet og Øykjafjellet ved Dalen (alfabetisk) 1989: Heiahodnet 1990: Gryteknuten og Krossen 1992: Tårnfjellet c) Småbarnsperioden 1998: Våmulen 2007: Øykjafjellet ved Kalddal 2009: Krossfjellet d) Forsiktig start >>>
Storesåt, N. Sålefjell og Skrivarvarden frå Liarlund
- Date:
- 31.12.2020
Toppraid i nordre Strand #8
- Date:
- 27.12.2020
Kort og fin avslutningstur på pf≥50m lista for nordre Strand, dvs. dei 24 toppane nord for aksen Tysdal-Tau. Først Bjødnåsen frå aust før Velandsåsen frå nord; høveleg tur i vått romjulsver, ein snau time på tur inkludert kjøring mellom toppane. På veg heim om Tjøstheimlia såg eg ein sjeldan og drivkvit krabat, nemleg ein røyskatt eller meir sannsynleg ei snømus fordi ho var så ørlita. Jammen ikkje enkelt å klara seg med snøkvit pels i låglandet i våre dagar!
Toppraid i søre Strand #4
- Date:
- 22.12.2020
Fin ettermiddagstur med utgangspunkt frå Stemvegen ved Bergsvika. Først greit opp på Nedrafjellet der eg fann fjellbolten på høgaste punktet i nord, etter først å ha vore på sekundærtoppen lenger sør. Støkte óg opp ein hjort, og var tilbake ved bilen etter ein god halvtime. Så gjekk eg inn vegen til Berge og busha bratt opp på Askjeliåsen frå vest. Her fann eg ein av få mulige trasear opp ei bratt renne, og så i kne-og skritthøg mose og lyng; kunne hatt god nytte av truger her! Fleire mulige toppunkt, bl.a. ei diger flyttblokk som truleg var høgast. Retur same veg ned det brattaste, og så eit stykke på traktorveg i retning Iglåsen. Greit opp frå (nord)vest her óg, og igjen fleire mulige toppunkt inkludert ei stor flyttblokk. Retur gjennom gardstunet på Berge og tilbake >>>
Toppraid i søre Strand #3
- Date:
- 12.12.2020
Flott desembertur frå toppen av Leviksbakken til 4 toppar på pf≥50m lista for Strand, snaue 3 timar ute. Først bratt opp stien mot Sokkaknuten før eg tok av nordvestover, så bratt ned og opp mot Varen frå sørvest. 1 time til topps og som venta framifrå utsikt til alle kantar. Vidare til Viddasfjellet på 15 min før retur same veg. Stakk så oppom Levikåsen (1 time frå Viddasfjellet) før eg tok med meg Høgås på den andre sida av vegen (30 min. frå Levikåsen). Her gjekk eg på ein hjortejeger som låg på post på toppen, så det vart ikkje tid til å ta bilde. God bruk for GPS for å finna toppen her pga. det flate platået. Det vart mykje opp og ned på denne turen, snaut 750hm til saman.
Toppraid i søre Strand #2
- Date:
- 11.12.2020
Desember og høveleg tid for eit raid på pf≥50m lista for Strand. Parkerte så nær som mulig og tok kortaste veg til topps, om lag 2 timar på tur inkludert kjøringa mellom dei. Hausvikkammen frå toppen av Sandviksbakken var fin, med toppunktet på ein markert knaus med litt utsikt. Furåsen og Skifteåsen nordvest og sørvest for Erlandsdalsvatnet var meir anonyme, og eg hadde venta å finna fjellboltar her. Vardafjellet på Idsal vart litt baskje pga. skumring og ein del skrentar på austsida. Godt det var kort å gå hit og at det var eit gammalt trigpunkt, sidan det var rett før lyset gjekk for dagen.
Øksnanibba frå Hagalid
- Date:
- 28.11.2020
Fin novembertur frå Hagalid, litt over 3 ½ timar ute i fint, kaldt men litt vekslende ver. Følgte vegen og seinare stien mot Skomakernibba til me var oppe på snaufjellet, tok så om lag beint sørover til topps på Øksnanibba som har pf nr. 20 i fylket. Flott rundskue både over Ryfylkeøyane og innover i heia. Litt surt på toppen, men fin mat- og kaffipause i ei livdakrå. Heilt snøfritt igjen etter snøfallet for ei vekes tid sidan.
50-årsfeiring på Flokehyttene
- Date:
- 24.11.2020
Koselig 50-årsfeiring med Olaug med en overnatting 24.-25. november. Gikk ut fra Mølstrevåg med hodelykter i ganske surt vær. Mørkt og ruskete novemberdøgn, og det ristet godt i hytta vår Tjodgerd. Retur etter frokost dagen etter.