Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Frå Preikestolhytta til Jørpeland om Moslivarden mm.

Date:
30.11.2019

Flott godverstur siste dagen i november, glatt på våte berg og eit lite snødryss. Første turen min frå Preikestolhytta til Jørpeland. Hadde ein bil ved kraftstasjonen og tenkte å koma ned om Kjellbrekk og Selemork. Gjekk normalvegen til Moslivarden om Preikestol-stien og Slåtteskardet, flott og vintraleg i høgda. Det seig på med litt skodde rundt oss, men ikkje der me var og skulle vidare. Fann grei veg vidare nordover mot Sauafjellet, først ned og rundt ein del hamrar og sva, sidan opp til ei stor klovna flyttblokk der me tok ein god mat- og kaffipause i sola. Ikkje akkurat nokon steik, men brukbar varme og ikkje minst vindstilt. På vegen ned frå Moslivarden kom me ut på kanten av stupet mot Åstølstjødna og kunne óg studera det særmerkte "Jutulhogget" nedanfor tjødna >>>

Map    

Dormålsfjellet frå Botne

Date:
29.11.2019

Flott tur til denne framifrå utsiktstoppen, som eg av ein eller annan grunn aldri har vore på. 50 min. til topps på godt merka sti frå Botnebakken, litt raskare ned igjen. Flott utsikt mot Botne og Botsfjorden, Revsvatnet og terrenget ved Ulvaskog.

Map    

Toppraid i nordre Strand #2

Date:
17.11.2019

Fin rundtur i nytt terreng, bratt opp traktorvegen frå Døvik, så over den tørrlagde bekken og på grei sti først mot Paddevatnet og så til topps på Knuten. Hadde ikkje planar om dette, men tenkte at det var fin utsikt derifrå. Så stilaust, kupert og tungt med minst mulig tap av høgde til topps på Krossnesheia, med praktfull utsikt over fjorden med Årdal og Nessa. Retur direkte mot Paddevatnet og ned traktorvegen, før turen gjekk vidare til fots mot Døvikhammaren. Dette vart som venta ei lita nøtt. Nokre smågutar eg traff, sa at det var merka løype opp bratta, men den fann eg aldri. Det vart derfor rein bushing til topps frå søraust, bratt men kontrollert. Flott utsikt over fjorden med Nessa før retur same veg. Til saman drøye 3 timar på tur.

Map    

Tunglandsfjellet, Husa- og Øykjafjellet frå kraftstasjonen

Date:
16.11.2019

Kjempefin rundtur frå kraftstasjonen i stilt og overskya ver. Bratt opp til Tunglandsfjellet den gamle normalvegen langs kraftlinja, så ned på skogsvegen på baksida og oppom Husafjellet og Øykjafjellet frå skardet mellom toppane. Retur ned Kalddalen, drøye 2 ½ timar på tur.

Map    

Førlandsåsen frå Dalavegen

Date:
15.11.2019
Map    

Revafjellet frå Liarvatnet

Date:
09.11.2019

Fin tur over begge toppane på Revafjellet. Det var strålande vermelding, men ganske overskya i Jørpelandsheia. Gjekk opp Lågalia på venstre side av elva som fossa lystig frå det nesten fulle Svortingsvatnet. Trass fleire minusgrader såpass tidleg på sesongen var det ikkje is på dei store vatna, men derimot på småtjødnane. Det var eit tynt snølag i høgda og tidvis glatt, men fint å vera på tur. Var oppom begge toppane før turen vart lagt om Nagaheia og bratt ned i Småsildalen på sørsida, der Småsilhodnet spegla seg malerisk i Botnatjødna. 1 time til topps på vesttoppen, 25 min. vidare til hovudtoppen, til saman 2 ¾ timar på tur.

Map    

Toppraid i søre Strand #1

Date:
03.11.2019

To høvelege toppar på pf≥100m lista for Strand ein novemberkveld. Først Ådnanesnuten frå Svinesvika, snaue timen opp og ned på veldig god skogsti. Merkverdig at eg ikkje har vore på denne fine utsiktstoppen før, men me har nok prioritert den klart høgare Hesten i alle år. Det var akkurat nok lys att til å få med seg Storvarden på Idse etterpå. Dette var grei skuring frå P-plassen ved hyttefeltet sør for toppen. Herifrå gjekk eg gjennom ein hyttehage og busha til topps. Ingen høydare med moderne infrastruktur og skog, men fin utsikt mot Høgsfjorden på veg opp.

Map