Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Middagsnuten fra E134

Date:
30.09.2023

Noenlunde opplett mellom bygene på Seljestad, denne regntunge siste septemberdagen.

Map    

Jendemsfjellet fra Jendem P-plass

Date:
18.09.2023

Rask skumringstur, snaue 45 min opp og snaue 35 min ned, og da var egentlig lyset gått for kvelden på veg ned. Hadde med hodelykt, men unngikk akkurat å bruke den.

Map    

Frå Bratteli kai til Liarvatnet via Liaknuten

Date:
17.09.2023

Startar ein turen frå kaien i Bratteli, må ein ikkje verta overraska av at det blir høgdemeter utav det, og – som navnet meir enn indikerer – høgdemeter av det bratte slaget. Eg har avslutta turar der på kaien tre ganger på 90-talet, men aldri starta derifrå. Når det i tillegg var 25 år sidan sist, var det sanneleg på tide. Denne flotte søndagen i september hadde me parkert ein bil ved Liarvatnet og bestilt billettar med rutebåten frå Oanes, og me såg fram til ein spennande tur gjennom Jørpelandsheia og området lansert som Preikestolen nasjonalpark. Etter ein flott båttur langs nordsida av fjorden som eg hadde gleda av å gå langs for bare to veker sidan , landa me på den vesle kaien. Det var fullt av passasjerar på båten, som truleg skulle til Bakken og framfor alt Flørli, men me stod aleine >>>

Map    

Frå Leiken i Lyngsheia til Preikestolhytta via Bakken

Date:
03.09.2023

Denne flotte langturen gjennom området lansert som Preikestolen nasjonalpark vart første forsøk sidan me nærast regna vekk sommaren 1998 og måtte bryta av i Bratteli. Då gjekk me motsatt veg og med telt, denne gangen hadde me bestilt overnatting på Bakken gard. Eigentleg skulle me gått turen på same tida i fjor, men fekk beskjed av Stavanger Turistforening om at hytta var fullbooka kvar helg. Derfor fekk me aller nådigast bestilla plass til seks personar eit år fram, same helga som det var vinkurs på Bakken, skulle det visa seg. Me var fem som starta frå Songesandvegen ved Leiken i 10-tida denne flotte lørdagen. Eg hadde bare vore innover til Lomstjødna før og hadde gleda meg storleg til å gå til Sunnmork gjennom Nystøldalen. Dessutan hadde eg sjølvaste Skurvedalen til gode, så her var det to nye godbitar >>>

Map