Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

Collected lists

Randåsen frå Randåsen P-plass

Date:
30.04.2023

1 ¼ time og drygt 250 hm på tur på veg til Jørpeland etter turen til Moltenuten . Skjemmande inngrep i området og lite interessant skogtopp med unntak av den fine utsikten over Ryfylkeøyane. Det var tett raudmerking på stiane fram til toppunktet, men såpass uoversiktleg terreng at det lønte seg å vera påskrudd for å finna greit tilbake.

Map    

Moltenuten frå Vela

Date:
30.04.2023

Fin tur til denne framifrå utsiktstoppen som sjølv er kjennesleg frå fleire kantar. Me følgte den sørlege traktorvegen opp frå Vela, og på drygt 300 moh kom me inn på stien som leier vidare til støls. Det var såpass langt på dag at me måtte ha ein matpause her. Snøen møtte me på om lag 500 moh, og då av både den gamle og nye sorten etter bygene som feia over Ryfylke i går. Denne dagen var det derimot meir stilt og grått utan særleg nedbør. Vel oppe på høgda var det som venta flott utsikt, og me var óg bortom utsiktsvarden før me tråkla oss forbi Lomakjelnuten på vestsida og vassa til topps på Moltenuten i nesten samanhengande snø. Då hadde me brukt litt over 2 ½ timar til varden på 777 moh. Her var det sjølvsagt endå betre utsikt, men óg ein trekk som gjorde >>>

Map    

Ørnaknuten frå Preikestolhytta

Date:
29.04.2023

Dette vart ein fin rekognoseringstur til 676-toppen Ørnaknuten ovanom Ørnabu, rett nok prega av svært vekslande ver. Etter transportetappen opp til Neverdalsskardet tok eg av på den merka stien mot Troppevatnet med stadig finare utsikt over Neverdalen. Alt hit opp hadde det vore eit par korte snø- eller haglbyger, men akkurat nå varma sola i sørhellinga så jakken måtte av. Vel oppe på himlaleitet åpna den fine utsikten seg mot Troppevatnet og -tjødnane, og jamvel til turmålet 2,5 km lenger nord. Så klarte eg kunststykket å ikkje sjå vegdelet mot Troppevatnet, og i staden fortsatte eg heilt til vegdelet mot Hengjane og Troppeknuten. Det hadde sjølvsagt vore kjekt å sjå att sistnevnte etter over 30 år, men eg tenkte det var best å spara på kreftene etter dei tre turane dagen >>>

Map    

Teråsen frå Øvraland

Date:
28.04.2023

Dagens tredje tur og duka for fullført pf≥100m liste for Vindafjord gjekk til lite prangande Teråsen ved Fjellgardsvatnet med turstart kl. 1720. Som dei fleste andre tok eg utgangspunkt ved Øvraland, men ville ikkje utfordra traktorvegen innover mot Røyravatnet. Ikkje for bilen sin del, men eg likar ikkje å kjøra gjennom tunet til folk. Turen er uansett ikkje lenger enn at det er lett match å gå frå hovudvegen. Flott landskap var det innover, med den stupbratte Høgeleiken dominerande til venstre, og bakover var det like fint med høgreiste Litlalandsnuten på andre sida av Fjellgardsvatnet. Eg fann opp til Moen ved Røyravatnet og så den tilgrodde skogsvegen som svingar vestover mot Teråsen. I motsetning til fleire andre på PB som har gått for langt innover og møtt på plantefelt >>>

Map    

Dyranibba frå Aksland (P-plass vest for tunnelen)

Date:
28.04.2023

Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord gjekk til Dyranibba ovanom Aksland og starta i 15-tida. Som turen til Akslandsnuten i 2018 og forsøket på Dyranibba i 2021 starta eg vest for tunnelen og følgte den fine og bratte vegen/stien opp i Skåleskard, som gjekk unna på bare 25 min til det gamle leet der. Etter finver på første turen til Høgafjellet hadde det nå begynt å snøa, men snøen la seg heldigvis ikkje og det var grei sikt på heile turen. Det kuperte lendet vestover til topps gjekk greit, og eg klarte å holda høgda relativt godt. Vel framme ein snau time etter turstart var det heldigvis litt sikt på den svimlande stupkanten, men sjølvsagt ikkje så fin utsikt som toppen fortener. Retur same veg og 1 ¾ timar på tur. Netto 400 hm må nok ha snaut 100 hm tillegg pga. det kuperte terrenget, altså snaut 500 hm i sum.

Map    

Høgafjellet frå Stokkadalen

Date:
28.04.2023

Endå ein dag med toppsamling i Vindafjord, og med realistisk håp om å fullføra pf≥100m lista med dei tre siste toppane. Første turen gjekk til Høgafjellet med start frå Stokkadalen kl. 1130, same start på turen som til Kjort der eg har vore to ganger. Det finst sikkert utgangspunkt for kortare turar til Høgafjellet, men turstart på Torstveit eller for den del Skigelstrand frista ikkje. Traseen opp til Kolltveitskardet var altså velkjend, og dei 300 hm gjekk greit unna på ein snau halvtime. Herifrå gjekk det stilaust og småbratt opp på første høgdedraget på om lag 530moh. Her fekk eg toppvarden i syne første gang, og som venta var det eit stykke bort dit. Dersom eg skulle holda høgda nokonlunde, burde eg gå i ein bue på om lag 2 km, og i tillegg var det som venta nokre >>>

Map    

Raudnesvarden frå Stråtveitvegen P-plass

Date:
17.04.2023

Om lag 1 ½ time på lettgått tur i stilt og flott vårver. Parkerte ved bommen på Stråtveitvegen og gjekk opp til vassverkdemninga i Raudnesvatnet. Herifrå i nokså rett linje vestover og opp på den sørvestlege utløparen frå toppen. Øverst i skardet snaut 50 hm under toppen tok eg først rett opp, så austover eit tydeleg drag og lett til topps frå søraust på 45 min. Etter eit par utsiktsbilder returnerte eg same veg. Skulle gjerne hatt sykkel og spart 10-15 min på den kjedelege skogsvegen. Ikkje liv å sjå, men litt vårsong i skogen.

Map    

Tiuråsen og Sønnanåheia frå Bakkedal

Date:
16.04.2023

Tredje turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord starta kl. 1315 frå Bakkedal ved Rv. 46. Etter tilnærma blå himmel på morgonturen og gråver på føremiddagsturen var det nå blå himmel att, og i fint driv oppover traktorvegen mot Ternevatnet silte sveitten. Målet med turen var sjølvsagt skogtoppane Tiuråsen og Sønnanåheia, sant å sei altfor enkle til å ta i dette finveret, men eg hadde plan om å koma meg på meir eksponerte Høgafjellet frå Stokkadalen seinare denne ettermiddagen. Til Tiuråsen følgte eg den gode traktorvegen om lag til 300m-koten der eg tok ut i terrenget på ein overgrodd veg som svinga seg opp mot toppen. Der var eg oppe etter snaut 40 min. gange, jamvel til bra utsikt over Vikedal. Kursen vart lagt sørvestover fjellryggen i overraskande kupert lende, særleg var det nokre vegvalg >>>

Map    

Grønlifjellet frå Gislehaugen/Fjellgardsvatnet

Date:
16.04.2023

Andre turen denne dagen med toppsamling i Vindafjord starta i 10-tida frå Gislehaugen innerst ved Fjellgardsvatnet, same startpunkt som turen til Bjønndalsnuten der me var tilbake i 2015 . Her hadde eg Grønlifjellet att på lista, ein tur som er omtalt som stilaus frå denne kanten, sjølv om det ser ut til å vera sti på kartet. Etter tilnærma skyfri første tur til Ramnafjellet denne morgonen hadde det nå skya over her lenger inne, men det var framleis fint og stilt. Til hjelp over dei snøfennene eg rekna med å møta i høgda, hadde eg med meg skistavar som skulle visa seg å koma til god nytte. Etter nokre få 100m på stien mot Sjurdsstølen og Bjønndalsnuten tok eg beint oppover lia sørover mot toppen. Det var som venta både bratt og tungt, men med høveleg «evighetstempo» gjekk det fint. Dei første snøflekkane viste >>>

Map    

Ramnafjellet frå Rødne

Date:
16.04.2023

Det var klart for eit døgn med toppsamling i Vindafjord, og for å ha optimalt utgangspunkt hadde eg med telt. Eg hadde prøvd meg på Ramnafjellet frå Hålandsdalen i fjor haust, men snudde fordi eg ikkje var velkomen. Derfor la eg heller turen til Rødne på andre sida av massivet, og fann meg ein grei teltplass eit stykke etter at eg hadde svingt av frå kraftverksvegen, om lag ved 200m-koten. Det vart ei kald, men interessant natt i vårskogen, med rugdetrekk og kattugleskrik som høgdepunkta. Kattugla var på det næraste bare 10-15 m frå teltet før ho flaug vidare, eit mektig inntrykk! Turdagen opprann med tilnærma blå himmel som meldt, og eg starta kl. 0730 frå teltet. Med dagslyset og all fuglesongen var det ingen vits i å ligga lenger. Eg følgte merka sti til utsiktspunktet >>>

Map