Archive - Date










Blåfjellet
- Date:
- 13.02.2021
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.1km
Godt selskap og høveleg godt vær, om enn litt stri vind på toppen. Ein liten strafferunde nede i lia der snøen var best. Fikk servert gjærbakst og kryssa av Blåfjellet på Surndalslista.
Stordag på Strengen
- Date:
- 02.02.2021
- Duration:
- 5:34h
- Distance:
- 22.8km
Så bra som det kan bli for den som er glad i god skikøyring i ueksponert terreng. Soloppgang på veg opp, og deretter sju bonusrundar frå Klåberget med bortimot historisk godt føre. Eit lite skår i gleda med å smelle skia i ein stein på sisterunden, men ikkje nok til å ødelegge årets beste skidag så langt!
Trekanten
- Date:
- 29.09.2020
- Duration:
- 8:35h
- Distance:
- 59.2km
Årets lengste tur på haustens kanskje finaste dag! Mildt og godt ved Gjevilvasshytta allereie før klokka hadde runda åtte. Jevnt og temmeleg kontrollert tempo heile vegen, med dei mentale og fysiske opp- og nedturar som høyrer med på ein såpass lang dag. Temmeleg gledeleg gjensyn med bilen ved Gjevilvasshytta medan ettermiddagssola varma slitne kroppar.
Kringlehøa
- Date:
- 27.09.2020
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 28.0km
Vi snørte på oss joggeskoa ved Bortistu og la i veg langs grusen mot Tovatna. Plana for dagen var i grunn berre å få ein løpetur i godveret, men etterkvart som vi kom lenger og lenger vestover vart fristelsen for stor, og vi enda til slutt opp på Kringlehøa. Vi la ruta ganske så rett opp austafrå, og det fungerte i grunn veldig greit. Tok ei litt anna rute nedatt via ei laus renne frå austtoppen og ned på "platået" på sørsida. Slapp unna glatt nysnø både opp og ned, sidan vi heldt oss i solsida.