Archive - Date
Ulubione aktywności
Ulubione szczyty
Gjevillvatnet rundt
- Data:
- 20.04.2025
- Czas trwania:
- 11:49h
- Dystans:
- 75.1km
På dagen fire år sidan forrige gong vart det ein påskereprise på ein av Trollheimens verkelege storturar. Runden rundt Gjevillvatnet er ein av turane eg har best minner frå, og etter at tulletoppen nordvest for Blåhøa vart lagt til på lista over Smultringer i Trollheimen har det etterkvart dukka opp eit ønske om å ta runden igjen - om ikkje anna for å gjere noko «skikkeleg» ut av (den nye) liste-kompletteringa.
Tilnærma klipp og lim med tanke på ruteføring frå forrige gong, med unntak av litt ulike vegvalg her og der som følge av lite snø i enkelte stigningar og nedfartar. Fikk skrella av ein dryg time på tida frå forrige gong, så får vi sjå om framtida fører med seg nye forsøk…
Neådalssnota
- Data:
- 18.04.2025
- Czas trwania:
- 7:20h
- Dystans:
- 26.6km
Storslagen påsketur til ein av Trollheimens mest perifere perler. Neådalssnota ruvar høgt, både i terrenget og på lista over personelege favorittar i Trollheimen. Noko så sjeldan som litt folksamt på toppen denne dagen - kanskje ikkje så rart forholda tatt i betraktning. Nydeleg nedkøyring både frå Neådalssnota og frå Storbekkhøa på returen.
Grøvelnebba
- Data:
- 23.03.2025
- Czas trwania:
- 5:57h
- Dystans:
- 20.6km
Nydeleg ferd langs ryggen til Grøvelnebba, pluss nokre runder i solvarma sørøstvendt side opp til Mohaugen etterpå
Strengen
- Data:
- 21.11.2024
- Czas trwania:
- 5:14h
- Dystans:
- 24.0km
Så bra som det kan bli på Nordmøre i slutten av november. Runde på runde frå Klåberget til topps.
Stortuva
- Data:
- 14.09.2024
- Czas trwania:
- 1:50h
- Dystans:
- 13.4km
Ærleg arbeid i gnistrande gode forhold. Raskt opp og ned med start frå Ålvundfjorden
Langrabbpiken, Kalknebba og Litjkalken
- Data:
- 04.08.2024
- Czas trwania:
- 7:19h
- Dystans:
- 16.3km
Nok ein maksdag i storslagne Sunndalsfjell. Ned akkurat i tide før regnet kom.
Everesting Reppehøgda
- Data:
- 23.07.2024
- Czas trwania:
- 15:22h
- Dystans:
- 58.1km
Nattevakt i Trøndelags Nepal. Et dypdykk i egne fysiske og mentale grenser - kan anbefales for den som liker å kjenne etter litt. Stort å få brukt ei grå og fuktig natt til å krysse av denne, som har stått på lista en stund.
Ikke helt opp til Reppeåsen, men tar meg friheten til å logge toppen uten å avlegge et besøk denne gangen.