Archiv - Nach Datum

Gesammelte Listen

Dronningkrona og Mohaugen

Datum:
22.04.2024
Tourlänge:
4:44h
Entfernung:
25,0km

Tur nummer 30 til Dronningkrona. Markeringa av jubileet vart eit maksdrag frå Dalsbøen til topps, der eg vart møtt av sedvanleg god utsikt og usedvanleg lite vind. Snøforholda var litt dårlegare enn gårsdagens sensasjonelle føre, men likevel lite å klage på. Tok turen ned mot Tjuvdalen, før det vart ein ny runde oppover i retning Sandvikhaugen for å få med ei nedkøying derifrå også. Deretter ein runde til topps på Mohaugen samtidig som sola forsvann. Dermed skikkeleg snømørkt og delvis utfordrande ned til skoggrensa, før det etterkvart vart ski på sekk og spasering nedatt til bilen. Du store min, så fint det er på denne tida av året!

Karte    

Dronningkrona

Datum:
21.04.2024
Tourlänge:
5:25h
Entfernung:
17,5km

Intet mindre enn ein maksdag i Sunndalsfjella. Store mengder knusktørr snø og store mengder med folk til fjells - sikkert ikkje langt unna 100 besøkande på toppen i dag.

Karte    

Grøvelnebba og Dronningkrona

Datum:
08.04.2024
Tourlänge:
6:13h
Entfernung:
23,4km

Heldigvis vises ikkje stiv kuling på stillbilete! Ein skikkeleg grom-dag i Sunndalsfjella, til trass for at ein måtte halde fast i samtlige eigedelar for at det ikkje skulle blåse bort. Brukbart skiføre i austvendt side ned frå Mohaugen, og totalt bedritent i vestvendt ned frå Dronningkrona. Toppen av Grøvelnebba var den plassen med minst vind på heile turen - alldeles strålande å få lagt inn litt ryggrangling når skiføret ikkje var noko å skrive heim om.

Karte    

Kongskrona, Tritindan og nesten-Hesten

Datum:
03.04.2024
Tourlänge:
9:05h
Entfernung:
26,8km

Ein stordag på Vinnubreen! Starta tidleg frå parkeringa med skia på sekken - fotsesongen starta tidleg i år. Fekk lagt inn ein liten runde i retning Sandvikhaugen, før ein kald visitt på toppen Kongskrona venta. Kald og tørr nysnø bidrog til særdeles godt skiføre frå toppen og ned i «botnen», før det på ny vart ein tur oppover i retning mot Sandvikhaugen. Først med eit forsøk på Hesten, som enda med at vi snudde litt nedanfor toppen, og deretter med eit vellykka besøk på Tritindan.

Karte    

Fløtatind, Henrikbotnnebba og Litjskjorta

Datum:
30.03.2024
Tourlänge:
7:46h
Entfernung:
20,0km

Storslagen runde i Øksendalen - starta tidleg frå Brandstad med lovnadar frå meteorologen om skyfri himmel. Vi forstod tidleg at det ikkje kom til å bli riktig slik, og akkurat i det vi nådde toppen av Fløtatind tetta det seg til og vi fekk ein snøeling rett i ansiktet. Etter litt venting på betre sikt manøvrerte vi oss ned til Saufjellet på hardt og dårleg skiføre. Deretter gjekk turen over Henrikbotnnebba og vidare opp til Litjskjorta. Litt mjukare snø å finne her, så turen opp frå Brandstadskaret gjekk med ski på beina, før det vart til fots siste biten opp til Litjskjorta. Retur via Kannsdalen og etterkvart på fin sløsj ned til skoggrensa.

Karte    

Åbittind og Trolltind

Datum:
28.03.2024
Tourlänge:
3:31h
Entfernung:
14,5km

Lurt av Yr.no nok ein gong, men denne gongen med positivt forteikn. Vind og overskya var bytta ut med sol og vindstilt - sesongens desidert varmaste dag på ski så langt.

Karte    

Ytre Sula

Datum:
27.03.2024
Tourlänge:
2:18h
Entfernung:
10,6km

Eit kort forsøk opp mot Indre Sula vart fort forkasta på isete underlag. Rusla opp på Ytre Sula og sklei nedatt på temmeleg stussleg skiføre.

Karte    

Hårstadnebba og Kalknebba

Datum:
09.09.2023
Tourlänge:
6:04h
Entfernung:
13,1km

Ein sensasjonelt fin haustdag i Sunndalsfjella. Først til Hårstadnebba, deretter over Kalknebba på returen.

Karte    

Langrabbpiken, Hårstadnebba, Kalknebba og Litjkalken

Datum:
19.08.2023
Tourlänge:
4:34h
Entfernung:
15,9km

Ein skikkeleg gromrunde i mektige Sunndalsfjell. Godt egna for den som er glad i steinur

Karte    

Store Trolla

Datum:
18.08.2023
Tourlänge:
3:54h
Entfernung:
12,9km

Uten tvil ein av Trollheimens flottaste toppar, om ikkje den gjevaste av dei alle. Formidabel utsikt i alle himmelretningar denne dagen

Karte