Archiv - Nach Datum

Gesammelte Listen

Stortuva

Datum:
31.05.2020
Tourlänge:
2:38h
Entfernung:
15,3km
Karte    

Valåsen

Datum:
30.05.2020
Tourlänge:
0:57h
Entfernung:
10,4km
Karte    

Dronningkrona

Datum:
24.05.2020
Tourlänge:
6:45h
Entfernung:
17,7km

Reprise på gårsdagens utflukt, i håp om litt mindre vind og mulegheit til å nyte utsikta frå toppen. Full klaff med akkurat den plana - rett og slett ein kjempedag til fjells! Framleis treig og våt snø, men det er vel kanskje ikkje anna å forvente når det snart er juni.

Karte    

Dronningkrona

Datum:
23.05.2020
Tourlänge:
5:39h
Entfernung:
18,5km

Kvalitetssikring av Beauforts vindskala. Truleg eit knepp meir vind enn det som var meldt, og ein dag med hetta godt stramma. Bløtt i botn, hardt på toppen.

Karte    

Fløtatind

Datum:
22.05.2020
Tourlänge:
4:54h
Entfernung:
15,0km

Tidleg start fra Brandstad i håp om å unngå det verste av varsla vind. Gjekk opp på nordsida av bekkedalen for å få sleppe eit par bekkekryssingar til fots. Småfrisk vind og våt snø oppover lia, men fann både sol og le for vinden innunder berghammaren på toppen. Såpass fint at eg slo rot der eit par timar berre for å nyte utsikta. Fleire som var ute på tur i dag - nokre gjekk til topps medan andre snudde litt nedi lia, både grunna vind og varsla rasfare. Tung og treig snø på vegen nedatt, så eg la sporet på sørsida av sommarstien for å sleppe skråkøyringa der eg kom opp. Skvatt godt da eg kom ned til bilen og såg at det hadde gått eit temmeleg stort våtsnøskred frå søraustsida av ryggen mot Litjskjorta, tvers over spora mine frå turen opp. Skredet hadde gått medan >>>

Karte    

Dronningkrona

Datum:
21.05.2020
Tourlänge:
6:29h
Entfernung:
17,5km

Betre ver enn venta, og dårlegare skiføre enn venta. Strålande selskap og nok ein fenomenal dag i eit alldeles fantastisk fjellområde.

Karte    

Fløtatinden

Datum:
20.05.2020
Tourlänge:
6:50h
Entfernung:
17,1km

Alldeles formidabel dag på Fløtatind. Ein ekstrarunde på toppflanken i deilig tørrsnø.

Karte    

Strengen

Datum:
19.05.2020
Tourlänge:
2:24h
Entfernung:
10,0km

Ettermiddagsutflukt for å finne tørrsnø. Labba opp i regn som gradvis vart til snø, og like før toppen vart det sanneleg sol. Såpass bra forhold at det vart ein ekstrarunde frå Klåberget. Gradvis dårlegare sikt på tur opp, før det vart totalt grått. Venta lenge i håp om at det skulle lysne igjen, men gjekk lei og sklei sakte nedatt i blinde langs spora frå i stad.

Karte    

Korgtjønntangen og Okla

Datum:
18.05.2020
Tourlänge:
3:50h
Entfernung:
12,7km

Trødde rett ut av bilen og inn i skibindingane på parkeringa i Dalen, og samtidig gløtta sola fram. Varmt og vindstille oppgjennom skogen, men det gjekk i høgste grad over da vi nærma oss Korgtjønntangen. Veret veksla fort og sikta kom og gjekk. Like før varden på Okla såg vi absolutt ingenting, men det letta heldigvis litt før vi tok fatt på vegen nedatt. Særdeles fin tørrsnø over skoggrensa!

Karte    

Roksdalskammen

Datum:
17.05.2020
Tourlänge:
2:07h
Entfernung:
6,0km

Tur frå Klevgardan på nasjonaldagen. Snudde litt før "flata" til toppen - snødrev, vind og dårleg sikt.

Karte