Kongskrona (16.06.2020)


Duration 7h 43min
Distance 23.0km
Vertical meters 2,238m
GPS
Ascents Furunebba (1,516m) 16.06.2020
Kongskrona (1,814m) 16.06.2020
Søre Vinnufjellet (1,578m) 16.06.2020
Sørøstre Vinnufjellet (1,565m) 16.06.2020
Østre Vinnufjellet (1,651m) 16.06.2020

Endeleg vart det audiens hos sjølvaste Kongen! Har gjennom vinteren og våren fått god trening i tidlege bilturar frå Bartebyen med kaffekoppen i fast grep og morgonsola i ryggen. Ein blir som kjend god på det ein trenar ofte på, så turen til Sunndalen og Hoås gjekk temmeleg knirkefritt. Som førstegongsbesøkande langs stien opp Hoåslia var eg ikkje heilt sikker på kva som ville møte meg, men ein treng vel ikkje store mengder med fantasi for å gjette på at det kom til å gå oppover. Bratt oppover og ganske langt oppover, for å presisere.

Resonnementet viste seg å stemme ganske så godt, og med unntak av eit par små navigeringsbom i starten gjekk det i grunn ganske greit opp langs ein overraskande god sti. Eit par parti der trea hadde gjeve tapt for naturkreftene var litt kinkig med skia på sekken, men med mine beste forsøk på ymse yogaposisjonar kom eg da forbi på eit vis.

Til trass for ein relativt tidleg start var det meir enn varmt nok opp lia, og det var behageleg å kome såpass høgt at ein kunne snike seg inn i skuggen av Hoåsnebba, som skulle vise seg å vere riktig så godt egna som parasoll.

Foreløpig lite som skulle tilseie at det blir skiføre. Heldigvis litt skugge å finne innunder Hoåsnebba
Foreløpig lite som skulle tilseie at det blir skiføre. Heldigvis litt skugge å finne innunder Hoåsnebba

Etter å ha kryssa nokre små snøfelt dei siste 50 høgdemetrane opp til trimposten på toppen av lia var det tid for å bytte ut joggesko med skisko. Mykje snø i Fossbotn gjorde kryssinga av Fossa til ein smal sak - her var det berre å labbe rett over på ski og sette kursen vidare vestover.

Framleis mykje snø i Fossbotn og opp mot Store Trolla. Ein foreløpig ubesøkt topp - det må ein få gjort noko med i løpet av året
Framleis mykje snø i Fossbotn og opp mot Store Trolla. Ein foreløpig ubesøkt topp - det må ein få gjort noko med i løpet av året

Bestandig godt å få skia på beina og dermed slanka sekken med nokre kilo. Godt skiføre gjorde også at neste etappe til dagens første smultring, Søraustre Vinnufjellet, vart av det enkle slaget. Storslagen utsikt i absolutt alle himmelretningar var sjølvsagt heller ikkje noko minus.

Dagens første smultring må sjølvsagt feirast på behørig vis
Dagens første smultring må sjølvsagt feirast på behørig vis

Neste post på programmet var å følgje ytterkanten av Vinnufonna vidare mot Austre Vinnufjellet. Snøen var framleis imponerande fast og fin tatt i betraktning at fellesferien var rett rundt hjørnet. Utan å vere nokon breførar, så såg heile området veldig greitt ut å bevege seg i, men eg valde uansett å halde meg til meste muleg nøktern ruteføring i for meg eit ukjend fjellområde.

Utsikt austover frå Austre Vinnufjell. Eggen bort mot Nebba blir forhåpentleg vis kartlagt med joggesko på føtene ein annan gong
Utsikt austover frå Austre Vinnufjell. Eggen bort mot Nebba blir forhåpentleg vis kartlagt med joggesko på føtene ein annan gong
Frå Austre Vinnufjell mot dagens hovudmål, Kongskrona
Frå Austre Vinnufjell mot dagens hovudmål, Kongskrona

Etter ein rast og obligatorisk fotopause var sisteetappen mot Kongskrona i gang - ein lettgått sisteetappe mot dagens hovudmål. På toppen vart det gjort styrevedtak på at veret var såpass bra at her måtte det ein lengre pause til. Fråveret av vind (og folk) gjorde forholda for å få knipsa litt bilde og video med drone optimale, så minutta på toppen flaug bokstaveleg talt i veg. Det er vel unødvendig å opplyse om at utsikta herifrå er av det finare slaget...

Posering på Kongskrona med ei utsikt det er vanskeleg å bli lei av
Posering på Kongskrona med ei utsikt det er vanskeleg å bli lei av

Endeleg vart det tid for litt skikøyring! Grunna nokre observerte glidesprekker i retning Søre Vinnufjellet, så vart ikkje ruta ned frå Kongskrona blant dei mest spektakulære, men med fin junislush under skia hadde ikkje det så mykje å seie. Backtracka i stor grad same vegen som eg kom, for så å legge kursen vidare over Søre Vinnufjellet mot Furunebba for å få eit glimt av Sunndalsøra langt der nede.

Nok ein lengre pause med droneflyging og fotografering på Furunebba i mildt sagt imponerande omgivelsar

Rett og slett ganske så mektig på Furunebba med Hovsnebba ragande på nordsida av dalen - dette må da vel vere soleklar pallkandidat til beste utsiktspunkt over Sunndalen?
Rett og slett ganske så mektig på Furunebba med Hovsnebba ragande på nordsida av dalen - dette må da vel vere soleklar pallkandidat til beste utsiktspunkt over Sunndalen?

I utgangspunktet hadde eg tenkt å ta "beinvegen" tilbake på sørsida av Søraustre Vinnufjellet, men valde i staden å investere litt ekstra høgdemeter for å få køyrd litt meir på ski. Gjekk derfor tilbake same vegen som eg kom, og angra slett ikkje på det - stor moro med skikøyring i stuttbrok og junisnø.

Med ein solvarm nase og fire nye smultringar i brødboksen gjenstod det no berre å få skia på sekken og kome seg ned lia. Som sagt så gjort - ein særdeles vellykka dag i ville Sunndalsfjell!

På heimveg i retning Hoåslia der joggeskoa låg klar for ein bratt retur ned i dalen
På heimveg i retning Hoåslia der joggeskoa låg klar for ein bratt retur ned i dalen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.