Archive - Date

Collected lists

Stortuva

Date:
30.05.2021
Duration:
3:02h
Distance:
18.6km

Kortreist intervalløkt fra sjøkanten. Storslagen belønning i form av utsikta frå toppen. Framleis litt snø langs toppryggen, men på ingen måte problematisk å ta seg fram.

Map    

Kongskrona

Date:
29.05.2021
Duration:
8:09h
Distance:
18.3km

Ny godversdag, nytt turfølge, same destinasjon. Ingen vits i å forandre på ei god oppskrift, så da vart det tilnærma reprise frå måndagens pinseutflukt. Framleis like bratt opp lia frå Hoås, utan at det la nokon dempar på stemninga. Fine snøforhold vidare vestover mot Kongskrona - retur via Søre Vinnufjell med særdeles fin nedkøyring.

Map    

Kongskrona og Furunebba

Date:
24.05.2021
Duration:
8:58h
Distance:
22.8km

Tidleg vekking, ferdigpakka sekk, ei kjapp kaffetrakting og rett ut på E6. Med gode vermeldingar og eit ivrig turfølge var det ikkje vanskeleg å finne motivasjon for ein dagstur frå Trondheim til Sunndalen for å leite etter vårsnø. Etter å ha kryssa nokre små snøfelt langs stien opp frå Hoås var det tid for å spenne på seg skia og peike nasen mot Kongskrona. Omsider kom vi inn på eit skispor frå Grasdalen som vi nytta oss av heilt til topps, kun avbrote av ein kort avstikkar til Austre Vinnufjell. Deretter ned til Furunebba via Søre Vinnufjell (der vi kom nære nok eit våtsnøskred av ikkje alt for stor skala som sakte glei forbi femti meter framfor oss) og heimatt via Søraustre Vinnufjell.

Map    

Solemsvåttan, Vikåsen og Liaåsen

Date:
20.05.2021
Duration:
3:06h
Distance:
30.1km
Map    

Dronningkrona

Date:
17.05.2021
Duration:
6:39h
Distance:
17.8km

Med både flagg, ski og sko montert på sekken la vi ruta via sommarstien på austsida av bekken. Mange blide ansikt til fjells på nasjonaldagen, men langt i frå noko 17. mai-tog til Dronningkrona. Nysnø frå 1500 moh og oppover, stort sett sol og litt skodde som kom og gjekk. I mangel på flaggvind vart det høve for litt droneflyging på veg opp. Litt begrensa kvalitet på stillbilete som er plukka ut frå video, men la gå, det er trass alt 17. mai, og ryggen på Dronningkrona er fin uansett.

Map    

Dronningkrona

Date:
14.05.2021
Duration:
5:46h
Distance:
17.6km

Godt oppmøte på Dronningkrona på ein inneklemt fridag. Litt vind på tur opp, men stilna av på toppen. Intensiv sitting og storslagen utsikt.

Map    

Fløtatinden

Date:
13.05.2021
Duration:
5:04h
Distance:
15.1km

Inn i skodda, ut av skodda og inn i skodda igjen. Valgfag GPS-navigering på tur nedatt. Grått, men billedskjønt med skodda som låg som eit teppe over kanten mot Ljøsåbotn

Map    

Dronningkrona

Date:
09.05.2021
Duration:
4:18h
Distance:
17.0km

Impulstur til Dronningkrona, ettersom veret plutseleg bestemte seg for å bli betre enn varsla. Vedvarande stri vind over skoggrensa, som heldigvis ikkje var alt for kald. Overraskande nok stilna vinden heilt da vi kom til topps, slik at vi kunne krype ut av hetta på jakken. Vindpåverka tørrsnø i frå 800 moh og oppover - overraskande bra skiføre til nedkøyringa.

Map    

Smisetnebba

Date:
08.05.2021
Duration:
3:05h
Distance:
9.2km

Kortreist utfart til Smisetnebba der det hadde forsvunne mykje snø i skogen sidan forrige besøk. Mørke skyar i alle himmelretningar rundt oss, men for ein gongs skuld hadde vi hellet med oss og slapp unna nedbør. Høveleg godt skiføre ned langs ryggen til skoggrensa.

Map    

Dronningkrona

Date:
07.05.2021
Duration:
2:39h
Distance:
17.1km

Lågsiktsprosedyrer og godt ettermiddagstempo. Godt hjulpe av god dagsform stoppa klokka på 1:51 ved varden på toppen. Lett turutstyr har absolutt sin sjarm i høgfjellet! Aldri gått fortare opp, og aldri køyrd seinare ned. Nedatt til knappe 1000 moh vart det utelukkande navigering på GPS og særdeles forsiktig manøvrering langs oppoversporet, for i det heile tatt å kome seg heimatt. Spektakulært dårleg sikt som førte til at eg datt eit par gongar fordi eg ikkje såg om terrenget gjekk oppover eller nedover (til trass for at eg stod midt i "800-metersbakken"). Skia på sekken dei første/siste 150 høgdemetrane, men med nedbør og nysnø i trea ned til 400 moh, så tek ikkje sesongen slutt med det første

Map