Archive - Date

Collected lists

Storli - Klevgardan

Date:
31.03.2021
Duration:
6:26h
Distance:
22.0km

Tru det eller ei, men enkelte gongar stemmer vermeldingane temmeleg godt. Med varsla vind, lettskya og til og med litt nedbør, så kan det vel kallast ei heilgardering frå meteorologane. Varselet skulle uansett vise seg å stemme godt, for på vegen frå Storli til Klevgardan fekk vi med oss både snøfokk og solgløtt. Stri vind gjorde at den planlagte lunsjen på Kråkvasstind utgjekk, men utover det gjekk turen stort sett som planlagt (kanskje med unntak av ein del nye riper i skia som følge av lite snø...).

Map    

Neådalssnota og Storbekkhøa

Date:
27.03.2021
Duration:
7:47h
Distance:
28.1km

Flatt lys, snømørkt, blindesnø. Kall det kva du vil, men særleg behageleg er det ikkje. Kombiner det med knallhardt og slagete føre, så har du ein kombinasjon fåtalet vil rope hurra for på tur ned frå Neådalssnota. Gleda var derfor stor da sola etterkvart gløtta fram like før vi spente på oss skia ved toppvarden, etter å ha vandra nærmast i blinde heile vegen opp. Returen gjekk i herleg ettermiddagssol via Storbekkhøa, der vi var dagens siste besøkande. Møre bein på tur ned gjennom skogen i gjennomslagsføre, men aller mest fornøgd etter besøk på ein av Trollheimens desidert flottaste toppar.

Map    

Svorundfjellet og Roksdalskammen

Date:
19.03.2021
Duration:
4:14h
Distance:
13.2km

Rundtur frå Klevgardan i berre sånn heilt passeleg bra ver. Overraskande lite snø på ned frå nordvestsida av Svorundfjellet og vidare til Roksdalskammen, så her måtte vi ta av skia innimellom snøflekkane. Ellers fokksnø, vind, tidvis dårleg sikt og ikkje all verdens skiføre. Men ruta er det ingenting å utsette på - ein skikkeleg bra rundtur!

Map    

Strengen

Date:
13.03.2021
Duration:
4:09h
Distance:
9.8km
Map