Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Allmannberget

Dato:
31.07.2021
Turlengde:
1:52t
Distanse:
12,7km
Kart    

Frå Remmasetra til Sentrum

Dato:
30.07.2021
Turlengde:
3:46t
Distanse:
25,0km

Løyperekognosering og litt fram og tilbake i 22 km-traséen til Oppdal Fjellmaraton. Fenomenal dag til fjells!

Kart    

Hoåsnebba

Dato:
25.07.2021
Turlengde:
3:40t
Distanse:
12,4km

Søndagsutfart med mål om å få pusta litt opp lia. Det skulle vise seg å bli ganske enkelt - via trimposten på toppen av Hoåslia, og deretter langs raudmerking som ikkje var alt for enkel å finne vidare til topps. Skodde opp til 600-700 moh, og deretter spektakulær utsikt etterkvart som sikta vart betre. Ein sann fornøyelse å nyte lunsjen på toppen av Hoåsnebba før retur til bilen.

Kart    

Stortuva og Rambjøra

Dato:
24.07.2021
Turlengde:
6:07t
Distanse:
22,5km

Frå sjøkanten via Stortuva til Rambjøra. Fekk lurt inn eit lite bad med premiumutsikt. Retur same veg og bading og sjøen etterpå.

Kart    

Somrungsnebber og Storsalen

Dato:
23.07.2021
Turlengde:
11:23t
Distanse:
26,2km

Ein lang og minneverdig dag i Sunndalsfjella. Inspirert av ruteføringa frå fleire turrapportar var Somrungsnebber og Storsalen dagens mål. Etter å ha starta dagen i skodda opp lia frå Fale, så openbara verda seg straks etter vi hadde teke av stien i retning dagens første topp. Frå Litjsomrungsnebba Sør gjekk vi eit stykke tilbake før vi runda ned i vestsida. Her gjekk minutta fort og metrane sakte - traversering i laus og bratt ur er ikkje det som bidreg til best framdrift, men vi hadde heile dagen på oss, så det fekk stå sin prøve. Vidare over Litjsomrungsnebba, Storsomrungsnebba og Storsalen var terrenget betydeleg meir lettgått, utan at turen vart mindre spektakulær av den grunn. Ein sjeldan fin dag i høgfjellet - vindstille og perfekt temperatur frista til gode pausar. Vi >>>

Kart    

Store Gjevillvasskammen

Dato:
15.07.2021
Turlengde:
5:20t
Distanse:
27,4km

Inn i dimman på Gjevilvasskammane. Plana var å ta gromrunden via alle kammane, men det vart vedtak om ruteendring i takt med at skodda vart tettare og vinden vart sterkare. Uten alt for mykje oppakning var det greiast å navigere seg ned til Riaren og følgje stien nede i dalen.

Kart    

Rundtur frå Vindøldalen

Dato:
14.07.2021
Turlengde:
8:22t
Distanse:
41,1km

Tidleg oppmøte i Vindøldalen for ein langtur av det seige slaget. Ein lettløpt førsteetappe langs grusen vart etterkvart avløyst av eit terreng som var langt tyngre å ferdast i. Ei natt med regnver bidrog til at alt av lyng og mose var så glatt som berre lyng og mose kan bli, men ingen har vel sagt at fjelltoppsanking er ein komfort-idrett. Forholdsvis bratt langs sti og dyretråkk til Vassdalsfjella, før resten av dagens rute openbara seg for fullt. På tvers av Fagerlidalen og opp første del mot Litjnebba var det stort sett lyng og myrlendt terreng å finne. Herifrå temmeleg fint til topps på Rognnebba, før det igjen gjekk smått ned ura på vestsida mot Botnnebba. Ned til Nordåbotnvatna var det stadig små mosekledde hamrar å navigere rundt, og jammen var det meir lyng og motbakke >>>

Kart    

Omveg til Knykjen

Dato:
11.07.2021
Turlengde:
4:38t
Distanse:
36,8km

Søndagsvariant for å sanke kilometer - først femten flate, og deretter tjue uflate. Bytte av både sko og turfølge midtvegs i økta.

Kart    

Ytre Sula, Indre Sula og Gråfjellet

Dato:
09.07.2021
Turlengde:
4:05t
Distanse:
11,6km

Premium-rundtur frå Nordvik med besøk på begge Sulene. Retur via Gråfjellet i god tid før toreveret.

Kart    

Nordre Trolla og Litjnebba

Dato:
02.07.2021
Turlengde:
6:40t
Distanse:
15,6km

For den interesserte finst detaljert beskriving av ruteføringa langs toppeggen i Simen sin rapport frå turen Ein tilnærma perfekt dag for å gjere eit forsøk på det vi begge antok ville vere ein av dei meir dyrekjøpte toppane på lista over smultringar i Trollheimen , Nordre Trolla. Knusktørt, varmt berg og skyfri himmel gjorde sitt til at dagens mål vart gjennomført uten alt for store vanskar. Den korte oppsummeringa består av to vanskelege punkt på veg opp - ei langsgåande sprekk utan særleg mykje å klipe seg fast i, samt eit kort parti like før toppen der det er mange gode tak, men bratt nedunder. Dagens mest flatterande fotoserie har fått arbeidstittelen "Ein mann og hans sprekk".

Kart