Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Ytre Sula

Dato:
27.04.2022
Turlengde:
1:55t
Distanse:
9,4km

Heilt på det jevne, både snø- og vermessig. Flatt lys og ikkje det store skiføret, men som alltid flott utsyn frå Sulå

Kart    

Mohaugen

Dato:
26.04.2022
Turlengde:
4:16t
Distanse:
13,6km

Grått er også ei farge. Dagens tur til Dronningkrona vart avslutta på knappe 1300 meters høgde. - snøbyger, lågt skydekke og absolutt null sikt. Tømte sekken for varme klede og satt ein halvtimes tid og venta på tilstrekkeleg sikt for å kjøre nedatt. Bestemte meg deretter for å svinge oppom Mohaugen S sidan det var ein solgløtt oppe i lia. Den solgløtten var borte med god margin innan eg kom opp, så dermed vart det ein god porsjon med venting her og. Kjentest ut som eg satt meir enn eg gjekk i dag... Jaja, det kjem vel ein godversdag igjen

Kart    

Fremre Grynningshøa

Dato:
21.04.2022
Turlengde:
6:51t
Distanse:
29,7km

Innsausa med faktor 50 og iført kortbukse og korterma var dagens turfølge på to klare for rundtur sør for Storligrenda. Ein vårdag av beste sort starta opp Grugguskaret, der vi tidleg kunne konkludere med at dagens arbeidsantrekk var eit godt val. Etter å ha avlagt besøk på Lorthøer av ymse slag retta vi kursen sørover i retning Fremre Grynningshøa. Utvilsomt eit av Trollheimens flottaste områder vinters tid - som henta ut frå eit postkort med snødekte toppar så langt ein kan sjå. Retur via Nonshøa, der vi kunne nyte nedkøyring i mjuk ettermiddagssnø. Ein lang og fin runde der både jakke, bukse, lue og vottar fekk liggje urørt i sekken.

Kart    

Everesting Strengen

Dato:
15.04.2022
Turlengde:
15:26t
Distanse:
109,0km

Enkelte langfredagar er lengre enn andre - eit prosjekt som hadde vore på radaren i lengre tid vart til slutt gjennomført denne påska. Med eit ver som frista til å vere ute heile dagen, så var det berre å planlegge for nettopp det. "Everesting" har sitt utspring i sykkelmiljøet, og består ukomplisert nok av å ta seg opp (og ned) ei samla stigning på 8848 høgdemeter ved hjelp av ein og samme bakke, gong etter gong. Tilsvarande Mount Everest, for den som eventuelt ikkje er stødig på å lage verb av substantiv Med inspirasjon både frå syklistar og folk som har gjennomført på ski, så har det etterkvart utvikla seg til eit prosjekt som berre "måtte" gjennomførast ein eller annan gong. Strengen har under planlegginga blinka seg ut som ein relativt godt egna plass. >>>

Kart    

Strengen

Dato:
14.04.2022
Turlengde:
1:26t
Distanse:
8,9km
Kart