Neådalssnotå (21.04.2020)


Duration 7h 01min
Distance 32.2km
Vertical meters 2,648m
GPS
Ascents Fluren (1,168m) 21.04.2020
Halsbekkhøa nord (1,365m) 21.04.2020
Halsbekkhøa (1,366m) 21.04.2020
Neådalssnota (1,621m) 21.04.2020
Neådalssnota SØ1 (1,426m) 21.04.2020
Neådalssnota SØ2 (1,443m) 21.04.2020
Sprikltjønnknubben (1,175m) 21.04.2020
Storbekkhøa (1,504m) 21.04.2020
Storbekkhøa Nordvest II (1,275m) 21.04.2020

Det lugga vel litt i augelokka akkurat i det reveljen gjekk klokka 05:00 - men bur ein i Trondheim og vil nytte seg av finværsdagar i Trollheimen, så må ein tåle slikt. Sekken stod ferdigpakka i gangen, og straks termokoppen var fylt med litt svart gull var det berre å sette cruisekontrollen på passe mykje over fartsgrensa for å sørgje for ein tidleg start med ski på føtene. Med soloppgangen i ryggen og utan ein sky å sjå på himmelen, så var det ikkje veldig mange bekymringar med i baggasjen. Det einaste kunne kanskje vere om solfaktor 50 vart i knappaste laget.

Klokka rakk så vidt å bikke åtte før det vart lagt i marsj på hardt føre etter klårversnatta. Lett og fint opp lia mot dagens første smultring, Fluren. Skremte i veg fleire flokkar med ryper som truleg måtte vore i tenåra, ettersom det såg ut som dei hadde tenkt å sove utpå. Men det var som nevnt ikkje av dei dagane som ein berre kan sove bort - uniformert med stuttbrok og korterma var det klart for eit magadrag opp ryggen mot Halsbekkhøa, der fokuset var å halde godt klar av skavlen på austsida. Deretter av med fellene og få peika skia i retning Sprikltjønnin på noko som kunne minne om tørrsnø. Riktig så fint å kunne legge nokre store svingar i nordaustleg terreng i morgonsola, vel vitande om at det ikkje var et føre som kom til å vedvare særleg langt utover dagen.

Ved Sprikltjønnbua vart det ein ståande rast og styremøte om rutevalg opp mot Sprikltjønnknubben. Med skredvarselet i bakhauet og sola i ryggen vart det ei nøktern ruteføring oppover. Sett i ettertid så hadde det nok fungert like godt å spasere rett mot målet, men no fekk eg i alle fall kika litt på ruteføring vidare ned på nordsida medan eg traska austover mot toppunktet.

Nordvendt side og meir tørrsnø! Nesten slik at det frista å gå opp for å få kjøre ein gong til. Men berre nesten, så slik vart det ikkje. Motbakkar er det alltids nok av, og sanneleg kom det ikkje ein lang ein til med det same. Nok ein runde med diskusjon innad i turfølgjet (som framleis inneheldt berre ein deltakar) om rutevalet opp mot dagens fjerde smultring, Neådalssnotå SØ2.

Vel oppe på denne ryggen måtte det takast eit par pausar for å berre sjå seg rundt. Neådalssnota og Snota var plutseleg ikkje så langt unna lenger, til trass for at det stadig bar lenger og lenger unna sivilisasjonen. Rett og slett eit fantastisk fint og mektig område, midt i hjartet av Trollheimen.

Klokka hadde vorte godt over midt på dagen, og snøen var i ferd med å bli av påskekvalitet og vel så det da fellene vart tatt av ved toppvarden på Neådalssnota - dette var forfattarens første møte med ein topp som ein ser frå alle kantar når ein er ute på tur i Trollheimen. Eit augeblikks andakt med utsyn som nok må vere pallkandidat, sjølv om det er bortimot dårleg gjort å skulle rangere slikt.

Alt har ein ende (men pølsa har to!), og slik er det også med andektige stunder ved ein varde. Snøen ville neppe bli betre å køyre i dersom eg skulle fortsette å sjå på toppane rundt meg, og heimvegen var lang nok i seg sjølv, så her var det berre å få peika skia nedover igjen.

Mjukt, men likevel køyrbart i topphenget og ned mot botnen. Plana var i utgangspunktet å bevege seg vestover mot Neådalspiken, men store skavlar utover mot botnen sette ein effektiv stoppar for det. Dessutan var det jo ikkje slik at det ikkje var fristande å køyre heilt ned heller. Godt med alt som er ugjort - no må eg heldigvis hitatt!

På vegen mot Storbekkhøa vart det med ein ekstra smultring i sekken, i tillegg til ein del tørrsnø som vart med under våte feller. Masse folk å sjå på toppen av Storbekkhøa, og masse spor ned lia og vidare til parkeringa. Som alltid smått euforisk stemning i bilen langs Ångardsvatnet på heimveg etter ein fantastisk dag i Trollheimen!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.