Archive - Date

Collected lists

Snota, Grøafjellet og Vassdalsfjellet

Date:
09.10.2021
Duration:
7:39h
Distance:
43.2km

Truleg sesongens siste langtur i høgfjellet - med varsel om nedbør i form av snø kommande veke var det berre å snøre skoa og få banka inn kilometer til fjells. Dagens arbeidsantrekk vart shorts og korterma, som ikkje er så aller verst no når julebrusen har kome i butikk. Ein mild og god vind heldt meg med selskap langs grusvegen inn til Vassdalen. Derifrå via ein heller perifer "smultring", før turen gjekk via Litj-Snota og til topps på Snota. Førstemann i boka denne laurdagen, men så absolutt ikkje den einaste i år. Det er tydelegvis mange som får gleda av utsikta herifrå i løpet av eit år. Deretter var det meir listefyll aust og sør for Snota som stod på programmet. Neppe toppar som kjem til å bli besøkt så mange gongar, men ein bra måte å få til ein rundtur >>>

Map    

Blåhøa, Svarthamrar og Falkfangarhøer

Date:
02.10.2021
Duration:
5:52h
Distance:
29.6km

Tilnærma klipp og lim frå fjorårets tur over dei same toppane, men denne gongen med turselskap på kjøpet. Ein flott haustdag med låg oktobersol ga oss ei fenomenal utsikt frå Blåhøa, som ikkje lot seg skjemme av tidvis frisk vind. Via Svarthamrar og Falgfangarhøer på heimvegen. .

Map