Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Gjevillvatnet rundt

Dato:
20.04.2025
Turlengde:
11:49t
Distanse:
75,1km

På dagen fire år sidan forrige gong vart det ein påskereprise på ein av Trollheimens verkelege storturar. Runden rundt Gjevillvatnet er ein av turane eg har best minner frå, og etter at tulletoppen nordvest for Blåhøa vart lagt til på lista over Smultringer i Trollheimen har det etterkvart dukka opp eit ønske om å ta runden igjen - om ikkje anna for å gjere noko «skikkeleg» ut av (den nye) liste-kompletteringa. Tilnærma klipp og lim med tanke på ruteføring frå forrige gong, med unntak av litt ulike vegvalg her og der som følge av lite snø i enkelte stigningar og nedfartar. Fikk skrella av ein dryg time på tida frå forrige gong, så får vi sjå om framtida fører med seg nye forsøk…

Neådalssnota

Dato:
18.04.2025
Turlengde:
7:20t
Distanse:
26,6km

Storslagen påsketur til ein av Trollheimens mest perifere perler. Neådalssnota ruvar høgt, både i terrenget og på lista over personelege favorittar i Trollheimen. Noko så sjeldan som litt folksamt på toppen denne dagen - kanskje ikkje så rart forholda tatt i betraktning. Nydeleg nedkøyring både frå Neådalssnota og frå Storbekkhøa på returen.

Kart    

Grøvelnebba

Dato:
23.03.2025
Turlengde:
5:57t
Distanse:
20,6km

Nydeleg ferd langs ryggen til Grøvelnebba, pluss nokre runder i solvarma sørøstvendt side opp til Mohaugen etterpå

Kart    

Ytre Sula

Dato:
21.03.2025
Turlengde:
1:25t
Distanse:
9,5km

Afterwork i solnedgangen

Kart    

Strengen

Dato:
21.11.2024
Turlengde:
5:14t
Distanse:
24,0km

Så bra som det kan bli på Nordmøre i slutten av november. Runde på runde frå Klåberget til topps.

Kart    

Stortuva

Dato:
14.09.2024
Turlengde:
1:50t
Distanse:
13,4km

Ærleg arbeid i gnistrande gode forhold. Raskt opp og ned med start frå Ålvundfjorden

Kart    

Gjevillvasskammane

Dato:
06.09.2024
Turlengde:
6:52t
Distanse:
23,9km

Kart    

Langrabbpiken, Kalknebba og Litjkalken

Dato:
04.08.2024
Turlengde:
7:19t
Distanse:
16,3km

Nok ein maksdag i storslagne Sunndalsfjell. Ned akkurat i tide før regnet kom.

Kart    

Everesting Reppehøgda

Dato:
23.07.2024
Turlengde:
15:22t
Distanse:
58,1km

Nattevakt i Trøndelags Nepal. Et dypdykk i egne fysiske og mentale grenser - kan anbefales for den som liker å kjenne etter litt. Stort å få brukt ei grå og fuktig natt til å krysse av denne, som har stått på lista en stund. Ikke helt opp til Reppeåsen, men tar meg friheten til å logge toppen uten å avlegge et besøk denne gangen.

Kart    

Hovsnebba

Dato:
17.05.2024
Turlengde:
7:22t
Distanse:
7,2km

Rett til vers på nasjonaldagen!

Kart