Archive - Date

Collected lists

Grinaren og Slanglifjellet

Date:
31.08.2020
Duration:
5:28h
Distance:
23.7km

Null komma null. Det var fasiten frå gradestokken på bilen da eg parkerte ved stistart opp til Storfjellet. Klårversnatta hadde gjort sitt til at starten på dagens tur vart direkte hustrig. Heldigvis er stien opp til Storfjellet tilrettelagt på ein slik måte at ein fort får varmen i seg, for her er det rett i arbeid opp lia. Etter å ha raska med meg to "småtoppar" eg mangla etter fjorårets deltaking på Kårvatn Skyrun, tok eg vegen inn i botnen mellom Skjerdingfjellet og Grinaren i jakt på minste motstands veg til Grinaren V. Ei rimfrossen steinur innover i skuggen var det som møtte meg av motstand, men ikkje verre enn at turen opp foregjekk på udramatisk vis. Herifrå gjekk turen vidare i sola austover via Grinaren til Slanglifjellet. Partiet frå Grinaren til Slanglifjellet >>>

Map    

Romålihøgdin

Date:
29.08.2020
Duration:
3:47h
Distance:
14.3km

Stupbratt (men fin) sti beint opp frå Todalen, via Knuken til Romålihøgdin. Retur via Romådalen og langs asfalten tilbake til Husby.

Map    

Seterfjellet, Indre Fauskånebba og Blånebba

Date:
28.08.2020
Duration:
4:55h
Distance:
22.1km

Bratt start opp grusvegen mot Fauskåvatnet. Langs myr og dyretråkk vidare innover dalen til Seterfjellet. Returen var i utgangspunktet planlagt same veg, men det såg fristande ut å ta seg opp vestover mot Blånebbvatnet. Tok turen oppom Indre Fauskånebba og Blånebba før returen gjekk ned i Søyådalen via Holtasetra og tilbake til bilen.

Map    

Rundtur frå Nordvik

Date:
27.08.2020
Duration:
5:52h
Distance:
25.5km

Ein forsmak på hausten med fem-seks varmegrader og ei sol som ikkje hadde stått opp skikkeleg da eg starta frå bilen ved vegenden. Etter nokre minutts gange fekk eg verifisert at myra var akkurat så kald som eg hadde venta - det skulle bli mykje myr utover dagen, så det var like greit å trø skoa godt under først som sist. Langs våt og sleip sti var det berre å halde farta oppe slik at kroppstemperaturen kunne haldast ved like. På omtrent 1100 moh tok eg av frå merka løype og la ruta via Sula Sør, utelukkande for å få kryssa av den på lista. Deretter meir eller mindre beint på Ytre Sula, som kunne by på sedvanleg flott utsikt vestover, der skodde måtte gi tapt for sol. Vidare bar det austover for mitt første besøk på Indre Sula. Eit par dagar gammalt dryss av nysnø gjorde >>>

Map    

Nordom Bøverdalen

Date:
26.08.2020
Duration:
5:54h
Distance:
30.5km

Ettermiddagstur av det lengre slaget. Først austover langs asfalten, før det vart raudmerka sti via Dyrstolan til Hardbakkfjellet. Ein kjapp tur innom Hardbakkhytta for å helse på ei tysk dame som hadde rigga seg til for natta, og som ga uttrykk for at ho gjerne skulle hatt selskap. Litt meir improvisert ruting derifrå via Neverholthøgfjellet før vi fann tilbake til stien og etterkvart den overraskande bratte grusvegen ned til bilen. Stort sett grått og skodde, før vi mot slutten fekk nyte flott kveldshimmel medan mørket kom sigande. Brukbart innhogg i moltebestanden undervegs.

Map    

Syltnebba og Vindnebba

Date:
24.08.2020
Duration:
2:08h
Distance:
16.1km

Kort og klimanøytral utfart i ruskeveret. Runde frå trappa "heime" og motsols via Syltnebba og Vindnebba. Vått, sleipt og kaldt. Skremte opp ein stor elgokse som skvatt omtrent like mykje som forfattaren sjølv.

Map    

Rundt Naustådalen

Date:
19.08.2020
Duration:
9:55h
Distance:
42.9km

Start frå Kårvatn før sola hadde fått stått opp skikkeleg. Dagens prosjekt var ryggen nordom Naustådalen frå vest til aust, og deretter Naustådalen på retur. Om klokka ikkje gjekk alt for fort hadde eg eit håp om å få plukka med meg dei to toppane på Bollen i tillegg. Lettgått sti til Nauståsetra, deretter i tyngre terreng nordover mot Revholfjellet og Tydalsnebba. Frå Tydalsnebba og vidare austover var det akkurat så fint terreng som eg hadde håpa. I tillegg til ein lettløpt rygg var det også fleire snøfonner som gjorde jobben enda meir behageleg. Vel framme på Salen viste det seg at klokka ikkje hadde gått så fort som frykta. Det lova godt med tanke på å få med dei planlagte toppane på Bollen. Til trass for ein krevjande etappe frå Salen SØ mot Austre Salen vart >>>

Map     4 comments

Viromkjerringa og Bollknubben

Date:
18.08.2020
Duration:
5:57h
Distance:
23.7km

Ein bortimot skamlaus kopi av knappenålsjeger Engdal sin tur dagen før. Med heile dagen til disposisjon fekk eg forlenga runden vestover langs ryggen på Viromkjerringa. Første gong over denne ryggen for min del, og første gong opp frå aust. Ein skikkeleg godbit der ein fekk bruk for både armer og bein undervegs! Opp via Bollknubben for å få med seg litt listefyll, og denne toppen var nettopp det; listefyll. Stort sett bløtt og ikkje utprega lettgått, men til gjengjeld med Skarfjellet og Vinnumassivet som eit kledeleg bakteppe. Herifrå ned mot Veltet og vidare opp Viromkjerringa frå aust. Litt langdrygt før klivinga tok til, men derifrå var det ein einaste stor fest. Det skulle vise seg at knappenålsjegeren også er noko til vardebyggjar, og med fersk varding var det lett å finne vegen >>>

Map    

Blåhøa, Svarthamrar og Falkfangarhøer

Date:
17.08.2020
Duration:
5:04h
Distance:
30.3km

Fenomenal rundtur i fenomenalt ver! Via Kamtjønnkollen på tur til Blåhøa. Fann vel neppe opp krutet med å leggje ruta direkte opp frå sørvest, men det frista meir enn å returnere til stien. Fantastisk utsikt og ein lang pause på toppen, før turen fortsette via Svarthamrar og Falkfangarhøer. Sørvestover til Gravbekken på returen for å finne vatn i varmen.

Map    

Neådalssnota via vesteggen

Date:
15.08.2020
Duration:
12:28h
Distance:
31.6km

Tidleg start frå Kårvatn for dagens mannsterke turfølge - håpet var å kome seg på Neådalssnota medan det framleis var sol. Allereie før vi hadde kome oss ut av tunet og forbi låven på landets mest bortgøymde friluftsbutikk forstod vi at det toget var i ferd med å gå. Det som for eit kvarter sidan var blå himmel innover mot smørauget i Trollheimen var no i ferd med å bli til lågt skydekke og noko som minna meir om tjukk rømmegraut enn om smørauge. Veret får ein som kjend ikkje gjort så mykje med, så vi fann det likast å legge i marsj innover Naustådalen. Flott sti og forseggjort bru over Strankåa tok oss lett inn til Naustådalvatnet, der vi vada over utløpet og vandra i ovveraskande lettgått terreng over NV-toppen og vidare opp til V1. Muligens ein omveg på kartet, >>>

Map