Archive - Date

Collected lists

Nibbeløpet

Date:
11.06.2022
Duration:
1:52h
Distance:
20.8km

Spektakulær og seig halvmaratontrasé frå Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba. Flott arrangment og god bra heiagjeng i form av bobilturistar heile vegen til topps. Lot ein ikkje heilt ukjent spanjol og reten av teten gå frå start og prøvde å finne eit leveleg tempo opp lia. Enda opp med å springe åleine heile vegen, og måtte kjempe hardt i motvinden før Djupvasshytta. Fekk plukka ei passering ein kilometer før mål og kom inn godt under målet på to timar. Hadde håpa på Topp 10, men mange sterke karar framfor sette ein stoppar for det. Får vel berre trene meir til neste år...

Map    

Stortuva

Date:
08.06.2022
Duration:
2:30h
Distance:
15.1km

Intervallbasert utfart frå fjord til fjell

Map    

Søre Grøvelnebba og Dronningkrona

Date:
07.06.2022
Duration:
5:37h
Distance:
20.4km

Ettermiddagstur på ein varm og fin junidag. Første besøk på Søre Grøvelnebba, og deretter over dalen til Dronningkrona. Relativt begredeleg skiføre både oppover og nedover - marginalt betre glid utan feller på... Heilt åleine til fjells i dag.

Map