Storlifjella og Mellomfjella (10.08.2020)


Duration 9h 48min
Distance 52.6km
Vertical meters 3,435m
GPS
Ascents Holbruna (1,100m) 10.08.2020
Hovmannshytten (1,290m) 10.08.2020
Mellomfjellet Nord (1,325m) 10.08.2020
Mellomfjellet Vest (1,322m) 10.08.2020
Mellomfjellet Øst (1,283m) 10.08.2020
Mellomfjellet Midtre (1,290m) 10.08.2020
Mellomfjellet Nordvest (1,310m) 10.08.2020
Mellomfjellet Nordøst (1,221m) 10.08.2020
Mellomfjellet (1,333m) 10.08.2020
Riaren (1,365m) 10.08.2020
Skallen (1,226m) 10.08.2020
Storlifjellet Øst (1,325m) 10.08.2020
Storlifjellet NN (1,364m) 10.08.2020
Storlifjellet Nordøst (1,399m) 10.08.2020
Midtre Storlifjellet (1,583m) 10.08.2020
Nordre Storlifjellet (1,488m) 10.08.2020
Søndre Storlifjellet (1,554m) 10.08.2020
Storlifjellet Sør for Søndre (1,456m) 10.08.2020
Visits of other PBEs Vassendsetra (684m) 10.08.2020

Kaffe og havregryn til frukost medan sola fann vegen over Gjevilvasskammane. Ein kjølig morgon etter klårversnatta, men likevel ingen tvil om at dagens uniform skulle bli stuttbrok og korterma, for det var ikkje ein sky å sjå.

Starta dagen med å svinge nedom Vassendsetra, sidan eg ikkje hadde vore der før. Eit telt og nokre sauer hadde innteke setervollen med flott utsikt mot Gjevilvatnet. Kvikksølvet på veggen viste fire grader i sju-tida - strålande forhold for korterma! Vidare oppover Hyttdalen og etterkvart til Hovmannshytten.

Herifrå gjekk det slag i slag med Storlifjell av ymse utgavar. Hadde håpa på meir lettløpt terreng, men timane gjekk med til å forsere steinur i staden. Utsikta var det likevel ikkje noko å seie på, med nye og litt uvante vinklar til majestetiske Snota og Neådalssnota i nord og nordvest. Dessutan tett mellom reinsflokkane i området.

Etter ha gjort unna Storlifjella var det no Mellomfjella langs stien mellom Gjevilvasshytta og Trollheimshytta som stod for tur. Ikkje utelukkande god ruteføring heile vegen, men rundt bar det, sjølv om beina var i ferd med å bli ganske møre. Deretter langs merka sti over Riaren og ned til Fagerlitjønnin, før nye høgdemetrar måtte forserast. Med ein del snø innerst i botnen her vart det litt av og på stien, før det vart retur ned same vegen som eg kom. La ruta over Holbruna på veg tilbake til teltet, før det vart pakking og retur til bilen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.