Arkiv - dato
Lister jeg samler etter
 
                  Favoritturer
Favorittopper
Salomon Xreid Trollheimen
- Dato:
- 30.06.2023
- Turlengde:
- 22:16t
- Distanse:
- 132,9km
                                                
                                 30. juni har stått som ein dato med raud ring rundt på kalenderen sidan Xreid-gjengen annonserte Trollheimen som destinasjon for årets løp. Etter ni år med arrangement rundt om i landet vart det tiande og siste løpet lagt til området som eg har tura rundt i på jakt etter nye toppar dei siste åra. Ultraløping har vel pirra interessa i større eller mindre grad i lengre tid, og når årets rute vart lagt i nærteigen, så måtte det berre bli påmelding. 
 Drøye 200 deltakarar starta ut frå Storlia klokka 12:00 på fredag med mål om å tilbakelegge 135 kilometer gjennom Trollheimen med målgang på Oppdal. Dermed bars det i veg langs raudmerka sti, som stort sett likna meir på elv enn sti til Innerdalen, vidare over Bjøråskaret i skikkeleg ruskever før første checkpoint på Kårvatn. >>>
                            
3 x Ekkertind
- Dato:
- 18.06.2023
- Turlengde:
- 5:42t
- Distanse:
- 27,9km
                                                
                                 Siste langtur i relevant terreng før Xreid. Tre forholdsvis jevne drag til topps i ubehageleg varme. Full race kit og øving på ernæringsplan før årets vakreste (?) eventyr om knappe to veker.
                            
                                                                                                                 Siste langtur i relevant terreng før Xreid. Tre forholdsvis jevne drag til topps i ubehageleg varme. Full race kit og øving på ernæringsplan før årets vakreste (?) eventyr om knappe to veker. 
                                    
Ultrabirken
- Dato:
- 10.06.2023
- Turlengde:
- 6:07t
- Distanse:
- 59,6km
                                                
                                 Som alltid strøkent arrangement i regi av Birken-gjengen - sol og godver la heller ingen demper på stemninga. Særdeles løpbart høgfjellsterreng gjennom heile traséen.
                            
                                                                                                                 Som alltid strøkent arrangement i regi av Birken-gjengen - sol og godver la heller ingen demper på stemninga. Særdeles løpbart høgfjellsterreng gjennom heile traséen. 