Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Salomon Xreid Trollheimen

Dato:
30.06.2023
Turlengde:
22:16t
Distanse:
132,9km

30. juni har stått som ein dato med raud ring rundt på kalenderen sidan Xreid-gjengen annonserte Trollheimen som destinasjon for årets løp. Etter ni år med arrangement rundt om i landet vart det tiande og siste løpet lagt til området som eg har tura rundt i på jakt etter nye toppar dei siste åra. Ultraløping har vel pirra interessa i større eller mindre grad i lengre tid, og når årets rute vart lagt i nærteigen, så måtte det berre bli påmelding. Drøye 200 deltakarar starta ut frå Storlia klokka 12:00 på fredag med mål om å tilbakelegge 135 kilometer gjennom Trollheimen med målgang på Oppdal. Dermed bars det i veg langs raudmerka sti, som stort sett likna meir på elv enn sti til Innerdalen, vidare over Bjøråskaret i skikkeleg ruskever før første checkpoint på Kårvatn. >>>

3 x Ekkertind

Dato:
18.06.2023
Turlengde:
5:42t
Distanse:
27,9km

Siste langtur i relevant terreng før Xreid. Tre forholdsvis jevne drag til topps i ubehageleg varme. Full race kit og øving på ernæringsplan før årets vakreste (?) eventyr om knappe to veker.

Kart    

Ultrabirken

Dato:
10.06.2023
Turlengde:
6:07t
Distanse:
59,6km

Som alltid strøkent arrangement i regi av Birken-gjengen - sol og godver la heller ingen demper på stemninga. Særdeles løpbart høgfjellsterreng gjennom heile traséen.

Kart