Archive - Date

Collected lists

Hesten, Tritindan og Sandvikhaugen

Date:
31.08.2022
Duration:
8:57h
Distance:
20.0km

5 grader på parkeringa i Nerdalen og antydning til ståpels på leggen nedunder shortsen. Årstid: Hausten. Turmål: Hesten. Denne hadde vi prata om lenge, og no hadde vi endeleg fått plotta inn ein finversdag i kalenderen. Snaut med informasjon å finne om denne toppen, og enda mindre å finne om ruteføring opp. Eit slør av mystikk gjorde dermed eventyrlysta desto større, og dagens turfølge på to passasjerar tek samfunnsoppdraget sitt på alvor. Her var det berre å ta saken i eigne hender og få lagt eit GPS-spor fortast råd. Innover Grasdalen til Viromsetra, og deretter opp ryggen, der småbjørk og myr etterkvart vart til stein. I prosessen med å forsere småbjørk fekk vi oss ei overrasking da ei elgku plutseleg spratt opp av kjerret ein timeter framfor oss. Ho såg minst like overraska >>>

Map    

Navardalsnebba og Tåga

Date:
30.08.2022
Duration:
5:46h
Distance:
22.4km

Fin runde med start frå Fale. Den T-merka stien som svingar seg oppover lia er ein fornøyelse å gå - lettkjøpte høgdemetrar i bratt terreng. Vidare innover mot Navardalsnebba blir det mindre sti og meir stein, der enkelte steinar ligg meir uroleg enn andre. Bratt ned i dalen og like bratt oppatt til ryggen på Tåga. Mykje laus stein på dette partiet, men ikkje hverken vanskeleg eller krevande ruteføring reint terrengmessig, sjølv om det ser slik ut på avstand. Fin etappe nordover til toppen av Tåga, og minst like fin sørover ryggen på retur. Lang og ikkje alt for inspirerande etappe frå Såtbakkollen (det er forresten berre ein sunndaling som kan kome på å kalle dette ein "kolle") ned til stien. Litt skodde som kom og gjekk på toppane, ellers god seinsommartemperatur.

Map    

Oppdal Fjellmaraton

Date:
27.08.2022
Duration:
4:34h
Distance:
43.0km

Deltaking på Oppdal Fjellmaraton for tredje gong, dette året med ny start frå Svahøvegen og opp mot Tyrikvamfjellet. 6 kilometer i ny trasé før vi kom inn på normalløypa før stigninga mot Høghøa. Prøvde etter beste evne å porsjonere kreftene for å ikkje gå på ein stjernesmell halvvegs, slik tilfellet har vore dei to gongane tidlegare. Det viste seg å vere ein bra strategi, og ved passering Remmasetra halvvegs var det framleis bra med krefter att på tanken. Låg på 11. plass her, og fekk oppmuntrande beskjedar frå løypevakter om avstanden oppover i feltet. Passerte to mann i terrenget sørover til Stensesbrona, før eg feia forbi nestemann ned til matstasjonen ved passering 32 kilometer. Hadde gode bein opp "Dynafit-bakken" til Vålåstadhammarn, og henta nok ei >>>

Map    

Store og Søre Trolla

Date:
23.08.2022
Duration:
8:03h
Distance:
14.9km

Oppstart frå Hoås med eit smått ambisiøst mål for dagen - Søre Trolla har stått som ei grå knappenål på kartet sidan "topp-samlinga" starta. Kunne denne finversdagen bli dagen da nåla skulle bli raud? Opp Hoåslia før sola fekk skikkeleg tak, og deretter vidare inn i Fossbotn. Opp lia og vidare over svaet opp mot Store Trolla. Her prøvde vi oss søraustover på eggen mot Søre Trolla, men snudde fort etter å ha hamna ut på glatt og bratt nordvendt side med våt mose og ein kald trekk. Ikkje nokon utprega triveleg eller gjestmild plass - best å kome seg oppatt i sola. Deretter vart turen lagt til Store Trolla utan særleg store vanskar på tørt og varmt berg. Dronebilete frå Trollheimens høgaste topp gir eit bra inntrykk av størrelsen på Trollamassivet og området >>>

Map     2 comments

Tyrikvamfjellet, Høghøa og Grønhøa

Date:
22.08.2022
Duration:
1:45h
Distance:
13.8km

Gjennomløping av ny løypestart på Oppdal Fjellmaraton før helga. Gjevilvasshytta som startpunkt er bytta mot Svahøvegen, og løypa går over Tyrikvamfjellet (ikkje heilt til toppen) og kjem inn på opprinneleg trasé før stigninga til Høghøa. Betydeleg tyngre terreng med lite sti og mykje lyng, litt lenger og litt fleire høgdemeter enn orginaltraséen. Stusseleg erstatning på det som er ein fin etappe frå Gjevilvasshytta og opp mot Høghøa. Kan fort bli deltaking på 22km i staden for 42km til helga...

Map    

Tunga

Date:
21.08.2022
Duration:
3:02h
Distance:
15.4km

Tidleg start for å prøve å kome regnversmeldingane i forkjøpet. Ein topp som i grunn fortener å bli løfta fram frå Kongskronas skugge - lett tilgjengeleg og spektakulær utsikt både mot Grasdalen og ikkje minst Vinnumassivet og breen. Egnar seg best for den som ikkje er nevneverdig opptatt av tørrskodd ferdsel og greier seg godt utan merka sti. Men der det finst våte sko finst det også molt - dagens matpakke fekk dermed ligge urørt i sekken heilt til ankomst ved bilen igjen. Tok "yttersvingen" ned i botnen på returen for å benytte nokre snøfonner nedover lia, truleg utan å spare særleg med tid..

Map    

Hovsnebba og Tussdalsnebba

Date:
19.08.2022
Duration:
5:44h
Distance:
10.1km

Storslagen runde i bratte Sunndalsfjell. Fin variant med Tussdalsnebba på retur, og deretter tilbake på stien opp mot Hovsnebba.

Map    

Store Trolla

Date:
15.08.2022
Duration:
4:57h
Distance:
12.6km

Førstereis til Trollheimens høgaste. Ein kan spørre seg kvifor ein ikkje har rota seg hit tidlegare... Ikkje rart at denne juvelen blir stadig meir populær som utfartsmål. Spektakulær utsikt i absolutt alle retningar, trass i litt truande skyer og ein del vind.

Map