Rundt Naustådalen (19.08.2020)


Duration 9h 55min
Distance 42.9km
Vertical meters 3,352m
GPS
Ascents Bollen (1,249m) 19.08.2020
Sørvest for Bollen (1,231m) 19.08.2020
Neådalssnota (1,621m) 19.08.2020
Neådalssnota Nordøst (1,253m) 19.08.2020
Revholfjellet (1,042m) 19.08.2020
Salen (1,430m) 19.08.2020
Salen SØ (1,379m) 19.08.2020
Østre Salen (1,046m) 19.08.2020
Strankåbotnfjellet (1,373m) 19.08.2020
Tverrbotnfjellet (1,323m) 19.08.2020
Tydalsnebba (1,295m) 19.08.2020
Vestre Tydalsnebba (1,275m) 19.08.2020
Visits of other PBEs Kårvatn (210m) 19.08.2020

Start frå Kårvatn før sola hadde fått stått opp skikkeleg. Dagens prosjekt var ryggen nordom Naustådalen frå vest til aust, og deretter Naustådalen på retur. Om klokka ikkje gjekk alt for fort hadde eg eit håp om å få plukka med meg dei to toppane på Bollen i tillegg. Lettgått sti til Nauståsetra, deretter i tyngre terreng nordover mot Revholfjellet og Tydalsnebba.

Dagens første solstrålar på Skjerdingfjellet og Snøfjellet
Dagens første solstrålar på Skjerdingfjellet og Snøfjellet

Frå Tydalsnebba og vidare austover var det akkurat så fint terreng som eg hadde håpa. I tillegg til ein lettløpt rygg var det også fleire snøfonner som gjorde jobben enda meir behageleg.

Fotomotiv overalt langs ryggen nordom Naustådalen
Fotomotiv overalt langs ryggen nordom Naustådalen

Vel framme på Salen viste det seg at klokka ikkje hadde gått så fort som frykta. Det lova godt med tanke på å få med dei planlagte toppane på Bollen. Til trass for ein krevjande etappe frå Salen SØ mot Austre Salen vart kursen sett på tvers av dalen og vidare opp lia. Ein rask kikk på høgdemålaren og eit lengselsfullt blikk mot Neådalssnota... Det var no nesten ille å vere så nære utan å ta turen oppom? Men så var det dette toreveret som var varsla da. Skyane var allereie i ferd med å hope seg opp vestover i Naustådalen. Eg bestemte meg for å ta ei vareoppteling på Bollen, både med tanke på næring ombord i sekken og krefter i kroppen.

Bratt og kronglete ned på austsida frå Salen SØ. Passa godt med eit påfyll av vatn som premie etter turen ned
Bratt og kronglete ned på austsida frå Salen SØ. Passa godt med eit påfyll av vatn som premie etter turen ned

Pokker heller, det er ikkje kvar dag ein har sjansen til å berre svinge oppom denne juvelen av ein topp. Akkurat no såg det kanskje ut som dei verste skyene slapp taket litt og. Det ville i så fall bli ein rask runde opp frå Snotvatnet, over toppen og vidare langs vesteggen. Eg var lite gira på å bli fanga i eit skybrudd på vegen vestover - etter å ha gått denne ruta motsatt veg for mindre enn ei veke sidan visste eg kva som venta. Om regnet skulle kome før eg var oppe, så kunne eg alltids returnere via Snotvatnet og ned i dalen.

Eit alldeles fantastisk skue ved toppvarden, der sola var i ferd med å gi tapt for skyane som gradvis hadde tårna seg opp meir og meir den siste timen. Her var det berre å fylle på næring og gi seg i kast med vesteggen. Ein litt skummel kombinasjon av hastverk og bratt, laust terreng på veg ned, men rakk akkurat å passere det smalaste punktet på eggen før dei første regndropane landa på brilleglasa. Før eg hadde kome meg ned i Naustådalen langs snøfonner, steinur og mosekledde skråningar hadde duskregnet vorte til skikkeleg nedbør, og det var definitivt ikkje solbrilleføre lenger. Herifrå gjekk det langs sleip og glatt sti på slitne bein vestover og ned til Kårvatn, akkompagnert av eit mektig lydbilde med bruset av Nauståfossen og torever som buldra innover dalane. Ein fantastisk fin rundtur som vart enda litt finare med eit bonusbesøk på favorittoppen i Trollheimen.

Eit augeblikks andakt på Neådalssnota. Bra fart i skylaget som plutseleg kom sigande veldig fort frå vest
Eit augeblikks andakt på Neådalssnota. Bra fart i skylaget som plutseleg kom sigande veldig fort frå vest

User comments

  • -
    avatar

    Trollheimen

    Written by JoSo 20.08.2020 09:47

    Stor runde og kjempefint rutevalg, Steinar !

    • -
      avatar

      Sv: Trollheimen

      Written by aarvag 20.08.2020 12:59

      Takk for det, Johan - turen austover var eigentleg flottare enn eg hadde trudd! Neådalssnota har vorte ein favoritt, og vesteggen egnar seg godt både på tur opp og ned derifrå!

  • -
    avatar

    jøsses

    Written by kobbenes 20.08.2020 09:05

    dette var kremrunde!

    • -
      avatar

      Sv: jøsses

      Written by aarvag 20.08.2020 12:57

      Ja, det utvikla seg etterkvart til å bli nettopp det - litt regn mot slutten var ikkje nok til å spolere ein sånn dag!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.