Archiv - Nach Datum

Gesammelte Listen

Stortuva

Datum:
11.09.2022
Tourlänge:
1:55h
Entfernung:
14,5km

Klassikerøkt med klassikerutsikt. 10 x 6 min - lettvint og effektivt fra hyttedøra

Karte    

Skrommelnebba

Datum:
10.09.2022
Tourlänge:
4:23h
Entfernung:
11,0km

Ein sjeldan fin haustdag vart nytta til å besøke Skrommelnebba for første gong. Sånn heilt passe bra veg siste biten opp til parkeringa, men start på knappe 500 moh gjorde jobben vidare enkel. God sti og god merking heilt til topps var langt meir enn vi hadde venta oss - ein særdeles fin tur med fenomenal utsikt frå toppen.

Karte    

Ein heildag i Innerdalen

Datum:
05.09.2022
Tourlänge:
11:24h
Entfernung:
39,5km

Komplettering av Smultringer i Trollheimen Siste innsats på eit prosjekt som har gjeve storslagne turopplevingar og minne for livet dei siste åra. Etter å ha besøkt toppar som Honnstadknyken og Snota i barndomsåra var det ikkje først og fremst ferdsel i Trollheimen som prega åra vidare gjennom oppveksten. Først i godt vaksen alder vart fjellivet henta fram som fritidsaktivitet, først og fremst med ski på beina vinters tid, men og som treningsarena, etterkvart som løping i terrenget vart ei interesse. Samlinga av listetoppar starta for alvor ein seinsommardag i 2019, etter å ha hengt på Simen over skoddelagte og lite besøkte toppar i Todalsfjella. Etter det har kartet over Trollheimen vorte studert mang ein time, og turplanlegginga har på mange måtar vore minst like givande som sjølve gjennomføringa. Samlinga >>>