Arkiv - dato

Lister jeg samler etter

Oppdal Fjellmaraton

Dato:
28.08.2021
Turlengde:
4:57t
Distanse:
42,4km

Sommarens og årets treningsmål. Ein knapp times forbedring frå deltaking i 2018. Starta vel i overkant friskt, men med eit mål om under 5 timar så var det ikkje særleg rom for avslapping heller. Brukbare bein fram til passering halvvegs på Remmasetra, men derifrå vart det grusomt tungt. Sleit med kramper i det meste frå hofta og ned, og måtte grave ganske så djupt for å få noko framdrift. Likevel tilfreds med tida, og godt fornøgd med å få pressa det meste av krefter ut av ein sliten kropp. Til slutt inn på 11. plass, som var langt over forventning. Temmeleg sikker på at det er meir å hente om ein står distansen betre - lengda i seg sjølv er ikkje avskrekkande, men å vere litt meir løpbar den siste halvdelen er nok fordelaktig... Berre å kome seg heim og øve til neste >>>

Kart    

Valåsen

Dato:
26.08.2021
Turlengde:
1:05t
Distanse:
8,4km

Halde beina i gang til helgas fjellamaraton på Oppdal

Kart    

Dalsnibba

Dato:
23.08.2021
Distanse:
0,1km

Fenomenal tur fra bobilen, over parkeringsplassen og bort til høyeste punkt

Kart    

Skåla

Dato:
23.08.2021
Turlengde:
5:00t
Distanse:
16,7km

Norges mest tilrettelagte motbakke - savna Wi-Fi og minibank på toppen, ellers brukbart. Eit solid stykke arbeid som er lagt ned både med steinlegging og bygging av Skålabu. På grensa til usjarmerande å ferdast i fjellet på denne måten, men med såpass mange besøkande kvart år er ein vel nødd til å iverksette tiltak for å bevare naturen best muleg. Flott utsikt både mot Jostedalsbreen, Nordfjorden og tyske turistar med artige turantrekk.

Kart    

Via Ferrata Loen

Dato:
22.08.2021
Turlengde:
5:57t
Distanse:
3,9km

Via Ferrata Loen. Vi leide utstyr og var med på guida gruppetur opp ståltråden saman med Loen Active. Ein dag med mykje moro og ein god del venting da det var mange grupper ute på denne strålande søndagen. Optimale forhold for intensiv venting, så det la ingen dempar på stemninga. Flott opplegg med varierande vanskegrad, og med fleire ruter å velje mellom. Også muleg å gå denne utanom arrangerte gruppeturar om ein har utstyr sjølv. Kunne nyte både brus og is til blodpris på toppen før vi fekk skyss med gondol nedatt (inkludert i prisen for Via Ferrata hos Loen Active). Bileta er frå ruta "Tors Hammer" tett oppunder toppen på Hoven.

Kart    

Eggenipa

Dato:
21.08.2021
Turlengde:
4:19t
Distanse:
18,4km

Etter tips frå kjentfolk vart dagens utfartsmål Byrkjelo og Eggenipa/Eggjenibba. Med litt research viste det seg at dette er ein tur som lokalbefolkninga (i alle fall nokre av dei) forsøker å promotere som ein attraksjon som kan nevnast i same åndedrag som Romsdalseggen og Besseggen. Med eiga nettside der ein finn god info om turen var planlegginga dermed enkel. For dei ivrigaste er det dessutan muleg å kjøpe termos, lue og t-skjorte med eigen logo på heimesida. Vii hadde dessverre allereie pakka sekken, så vi stilte utan Eggenipa-uniform på veg til topps... Bomvegen opp til parkeringa bar preg av å vere oppussa og dimensjonert i henhold til plana om at Eggenipa skal bli ein turistmagnet. Utrusta med bobil og ein førar som er meir glad i spenning på fjellet enn på smale grusvegar, >>>

Kart    

Store Haugmelen

Dato:
19.08.2021
Turlengde:
3:09t
Distanse:
18,1km

Flott rundtur med start frå Dalåker, der vi fekk parkere bobilen i innkjørselen til ein ualminneleg triveleg sogning. Deretter på meget fin sti via Vardaheii og til Store Haugmelen. Spektakulær utsikt mot fjordar, skoddedekte tindar og breområde. Nedatt via seterstøler og grusveg.

Kart    

Trekanten

Dato:
17.08.2021
Turlengde:
6:49t
Distanse:
58,3km

Vått og grått, men med bortimol optimal temperatur for å bevege seg i fjellet. Skodde og lite sikt gjorde førsteetappen mellom Gjevilvasshytta og Jøldalshytta til ei monoton affære - itt sau og eit par reinsflokkar var stort sett beholdninga. Gradvis lettare skydekke gjennom Svartådalen, som defintivt var plassen å opphalde seg for den som likar våte sko. Godt med overvatn i stien stort sett heile vegen. Årsferske(?) klopper siste biten ned til Trollheimshytta gjorde ferda over myra temmeleg reinsleg. Prøvde å legge inn ein langspurt opp "De syv skuffelser" frå Trollheimshytta til Mellomfjellet. Forsåvidt eit vellykka forsøk, men fekk att med renter og vel så det siste biten opp til Riarskaret. Derifrå i slak unnabakke og på god sti nedatt til bilen. Absolutt blant >>>

Kart    

Honnstadknyken

Dato:
15.08.2021
Turlengde:
2:56t
Distanse:
24,0km

Langintervall frå stuedøra - via Salen og Ranessetra på tur opp. Sti og bekk i eitt og same produkt.

Kart    

Storlifjella

Dato:
05.08.2021
Turlengde:
7:37t
Distanse:
34,7km

Dag to av den to dagar lange treningsleiren vart lagt til fjella nordom Storlidalen. Med start på Bårdsgarden var Storlifjella dagens hovudattraksjon, med Hyttdalskammen og Hovmannshytten som ekstra krydder i miksen. I langt meir løpbart terreng enn gårsdagens (men med ein smule mindre løpbare bein) staka vi ut kursen nordover. Tidleg på dagen var det berre blå himmel å sjå, men statsmeteorologen gjetta på torever utover dagen. Jaja, ingen tid å miste, så det var berre å halde koken over dagens to første toppar før vi skulle vidare nordover mot Storlifjella. Dagens tur kunne tilby fleire ulike vinklar mot alltid majestetiske Neådalssnota. Faktisk såpass mange at det var hensiktsmessig med ein liten kavalkade Etter å ha fått dagens første kilometer ganske billig, så vart framdrifta >>>

Kart