Archive - Date

Collected lists

Bollen og Sandfjellet

Date:
10.10.2020
Duration:
4:16h
Distance:
21.3km

Start frå Sagatun, via Sætersetra og til Bollen. Flott utsikt innover Vindøldalen som for anledninga var ikledd haustfarger. Vidare langs "ryggen" mot Bollåsfjellet i innbydande løpeterreng, og deretter nordover mot Sandfjellet. Prøvde meg på litt lågskala-friklatring på nokre store steinblokker og bergnabbar, men endte med å måtta ta turen rundt på vestsida da ferdigheitene ikkje strakk til. Over Sandfjellet og vidare ned lia i delvis sleipt og glatt terreng. Langs anleggsvegen og stien gjennom hogstfeltet nedatt til Sagatun. addad

Map    

Trekanten

Date:
28.09.2020
Duration:
8:35h
Distance:
59.2km

Årets lengste tur på haustens kanskje finaste dag! Mildt og godt ved Gjevilvasshytta allereie før klokka hadde runda åtte. Jevnt og temmeleg kontrollert tempo heile vegen, med dei mentale og fysiske opp- og nedturar som høyrer med på ein såpass lang dag. Temmeleg gledeleg gjensyn med bilen ved Gjevilvasshytta medan ettermiddagssola varma slitne kroppar.

Map    

Kringlehøa

Date:
27.09.2020
Duration:
5:30h
Distance:
28.0km

Vi snørte på oss joggeskoa ved Bortistu og la i veg langs grusen mot Tovatna. Plana for dagen var i grunn berre å få ein løpetur i godveret, men etterkvart som vi kom lenger og lenger vestover vart fristelsen for stor, og vi enda til slutt opp på Kringlehøa. Vi la ruta ganske så rett opp austafrå, og det fungerte i grunn veldig greit. Tok ei litt anna rute nedatt via ei laus renne frå austtoppen og ned på "platået" på sørsida. Slapp unna glatt nysnø både opp og ned, sidan vi heldt oss i solsida.

Map    

Gjevilkasskamman

Date:
02.09.2020
Duration:
3:57h
Distance:
26.0km

Ønskereprise på ein av sommarens aller flottaste turar , og eit gledeleg gjensyn med Gjevilvasskammane. Denne gongen som ei hard treningsøkt i eige selskap og med minimal oppakning. Mykje flott løpeterreng på denne runden, i tillegg til utfordrande kliveparti og storslagen natur. Ei perle av ein rundtur!

Map    

Grinaren og Slanglifjellet

Date:
31.08.2020
Duration:
5:28h
Distance:
23.7km

Null komma null. Det var fasiten frå gradestokken på bilen da eg parkerte ved stistart opp til Storfjellet. Klårversnatta hadde gjort sitt til at starten på dagens tur vart direkte hustrig. Heldigvis er stien opp til Storfjellet tilrettelagt på ein slik måte at ein fort får varmen i seg, for her er det rett i arbeid opp lia. Etter å ha raska med meg to "småtoppar" eg mangla etter fjorårets deltaking på Kårvatn Skyrun, tok eg vegen inn i botnen mellom Skjerdingfjellet og Grinaren i jakt på minste motstands veg til Grinaren V. Ei rimfrossen steinur innover i skuggen var det som møtte meg av motstand, men ikkje verre enn at turen opp foregjekk på udramatisk vis. Herifrå gjekk turen vidare i sola austover via Grinaren til Slanglifjellet. Partiet frå Grinaren til Slanglifjellet >>>

Map    

Romålihøgdin

Date:
29.08.2020
Duration:
3:47h
Distance:
14.3km

Stupbratt (men fin) sti beint opp frå Todalen, via Knuken til Romålihøgdin. Retur via Romådalen og langs asfalten tilbake til Husby.

Map    

Seterfjellet, Indre Fauskånebba og Blånebba

Date:
28.08.2020
Duration:
4:55h
Distance:
22.1km

Bratt start opp grusvegen mot Fauskåvatnet. Langs myr og dyretråkk vidare innover dalen til Seterfjellet. Returen var i utgangspunktet planlagt same veg, men det såg fristande ut å ta seg opp vestover mot Blånebbvatnet. Tok turen oppom Indre Fauskånebba og Blånebba før returen gjekk ned i Søyådalen via Holtasetra og tilbake til bilen.

Map    

Rundtur frå Nordvik

Date:
27.08.2020
Duration:
5:52h
Distance:
25.5km

Ein forsmak på hausten med fem-seks varmegrader og ei sol som ikkje hadde stått opp skikkeleg da eg starta frå bilen ved vegenden. Etter nokre minutts gange fekk eg verifisert at myra var akkurat så kald som eg hadde venta - det skulle bli mykje myr utover dagen, så det var like greit å trø skoa godt under først som sist. Langs våt og sleip sti var det berre å halde farta oppe slik at kroppstemperaturen kunne haldast ved like. På omtrent 1100 moh tok eg av frå merka løype og la ruta via Sula Sør, utelukkande for å få kryssa av den på lista. Deretter meir eller mindre beint på Ytre Sula, som kunne by på sedvanleg flott utsikt vestover, der skodde måtte gi tapt for sol. Vidare bar det austover for mitt første besøk på Indre Sula. Eit par dagar gammalt dryss av nysnø gjorde >>>

Map    

Nordom Bøverdalen

Date:
26.08.2020
Duration:
5:54h
Distance:
30.5km

Ettermiddagstur av det lengre slaget. Først austover langs asfalten, før det vart raudmerka sti via Dyrstolan til Hardbakkfjellet. Ein kjapp tur innom Hardbakkhytta for å helse på ei tysk dame som hadde rigga seg til for natta, og som ga uttrykk for at ho gjerne skulle hatt selskap. Litt meir improvisert ruting derifrå via Neverholthøgfjellet før vi fann tilbake til stien og etterkvart den overraskande bratte grusvegen ned til bilen. Stort sett grått og skodde, før vi mot slutten fekk nyte flott kveldshimmel medan mørket kom sigande. Brukbart innhogg i moltebestanden undervegs.

Map    

Syltnebba og Vindnebba

Date:
24.08.2020
Duration:
2:08h
Distance:
16.1km

Kort og klimanøytral utfart i ruskeveret. Runde frå trappa "heime" og motsols via Syltnebba og Vindnebba. Vått, sleipt og kaldt. Skremte opp ein stor elgokse som skvatt omtrent like mykje som forfattaren sjølv.

Map