Store og Søre Trolla (23.08.2022)


Duration 8h 03min
Distance 14.9km
Vertical meters 2,176m
GPS
Ascents Store Trolla (1,842m) 23.08.2022
Søre Trolla (1,741m) 23.08.2022

Oppstart frå Hoås med eit smått ambisiøst mål for dagen - Søre Trolla har stått som ei grå knappenål på kartet sidan "topp-samlinga" starta. Kunne denne finversdagen bli dagen da nåla skulle bli raud?

Opp Hoåslia før sola fekk skikkeleg tak, og deretter vidare inn i Fossbotn. Opp lia og vidare over svaet opp mot Store Trolla. Her prøvde vi oss søraustover på eggen mot Søre Trolla, men snudde fort etter å ha hamna ut på glatt og bratt nordvendt side med våt mose og ein kald trekk. Ikkje nokon utprega triveleg eller gjestmild plass - best å kome seg oppatt i sola.

Deretter vart turen lagt til Store Trolla utan særleg store vanskar på tørt og varmt berg. Dronebilete frå Trollheimens høgaste topp gir eit bra inntrykk av størrelsen på Trollamassivet og området rundt.

Etter å ha forkasta plana om å gå langs eggen heile vegen mot Søre Trolla vart løysinga å gå lenger ned, traversere seg bortover, for så å prøve å finne ei rute for å kome opp på ryggen på nordvestsida av Søre Trolla.

Nede i fjellsida fann vi det vi trudde var ein riktig så elegant veg i retning toppen, kryssa eit par renner og peila oss inn opp mot eggen. Omsider forstod vi at vi hadde gått oss alt for langt sør og austover, og var på veg opp i skaret sør for Søre Trolla. Nuvel, ein time her og ein time der, kva er vel det på slik ein fin dag? Berre å snu.

Tilbake meir eller mindre same veg som vi kom, og deretter opp ei av rennene vi nettopp hadde kryssa. Plutseleg var vi oppe på eggen på det vi meinte kunne vere rett plass. Ganske umiddelbart gjekk vi oss på eit punkt der vi enten måtte klive opp ein litt for høg hammar, eller lure oss rundt på nordsida i ganske så eksponert terreng. Etter litt (eller kanskje litt meir enn litt) spekulering og vurdering enda vi opp med siste alternativ - gode tak for både armer og bein, så fekk vi heller unngå å tenke på eventualiteter.

Herifrå åpna ryggen seg gradvis meir mot toppen, og metrane gjekk lettare enn det kunne sjå ut som på avstand. På nytt måtte vi ned i nordsida for å forsere eit kort parti, og på nytt fekk vi stifte bekjentskap med kald, våt og glatt mose. Potensialet for eit hurtig besøk i Giklingdalen var absolutt til stades her og, men med greie tak og ein god porsjon tålmod lura vi oss forbi.

Vidare herifrå over eit par litt smalere parti med enkel, men framleis ganske eksponert kliving, før vi plutseleg fekk toppvarden i sikte. Ein varde som no hadde gått frå grå til raud på kartet - ein varde som faktisk lokka fram eit lite jubelrop og armane over hovudet. To seigmenn for å feire, og deretter ny runde med drona for å knipse frå ein ny vinkel.

No venta ein konsentrasjonsprøve for å finne same veg tilbake langs ryggen, og ein trygg måte å forsere dei vanskelege partia nedover på. Med same oppskrift som på tur opp (tålmod og gode tak) kom vi oss nedatt langs stein og mose, og etter litt bomnavigering fann vi same renna som vi kom opp.

På trygg grunn nede i Fossbotn kunne vi beskue Søre Trolla i ettermiddagssola - ein dag for minneboka, toppsamlingsboka, kartboka og sikkert fleire andre bøker eg ikkje kjem på i farten. Takk for oss!

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Þróndeimr 24.08.2022 19:54

    Takker for meget spektakulære bilder av ett rått fjell!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by aarvag 24.08.2022 20:39

      Ja, denne rekka kjenner du betre enn dei aller fleste - eit mektig område. Vilt og vakkert, som sunndalingane så korrekt kallar det! Ein stor opplevelse å nå toppen av Søre Trolla på ein dag det ikkje har vore for mange av i sommar, sånn reint vermessig.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.