Gjevillvatnet rundt (20.04.2021)


Duration 13h 09min
Distance 76.3km
Vertical meters 5,512m
GPS
Ascents Blåhøa (1,673m) 20.04.2021
Bårdsfjellet (1,146m) 20.04.2021
Midtre Falkfangarhøa (1,397m) 20.04.2021
Søndre Falkfangarhøa (1,368m) 20.04.2021
Nordre Gjevillvasskammen (1,576m) 20.04.2021
Indre Gjevillvasskammen (1,601m) 20.04.2021
Hemre Gjevillvasskammen (1,496m) 20.04.2021
Store Gjevillvasskammen (1,627m) 20.04.2021
Hovmannshytten (1,290m) 20.04.2021
Korgtjønntangen (1,292m) 20.04.2021
Kvamman (1,039m) 20.04.2021
Midtskarven (1,332m) 20.04.2021
Måssåhaugen (928m) 20.04.2021
Nonsfjellet (1,412m) 20.04.2021
Okla (1,582m) 20.04.2021
Okla Vest (1,574m) 20.04.2021
Raudhovden (972m) 20.04.2021
Riaren (1,365m) 20.04.2021
Stenhøa (1,405m) 20.04.2021
Storbekkhøa (1,384m) 20.04.2021
Storhornet (1,589m) 20.04.2021
Storhornet sørvest (1,589m) 20.04.2021
Svahøa (1,347m) 20.04.2021
Tyrikvamfjellet (1,252m) 20.04.2021
Veslhornet (1,143m) 20.04.2021
Åmellomfjellet nordøst (1,419m) 20.04.2021

Værmelding, skiføre og avspasering frå jobb. Da skulle det meste liggje til rette for ein heildag i fjellet. Med innlosjering på Oppdal var det berre å sette vekkarklokka til noko som ligna på midt på natta og få lada batteria.

Sterkt inspirert av JoSo sin klassiker-tur kan ruteføringa best beskrivasst som ein skamlaus kopi. Ingen vits i å skulle finne opp krutet på nytt når fagfolk har gjort grunnarbeidet - runden i seg sjølv er krevande nok utan å skulle drive nybrottsarbeid i tillegg.

Første besøk med ski på både Gjevillvasskammane og Blåhø gjorde turen litt ekstra minneverdig. Makalaust flott utsikt mot snødekte toppar både i Storlidalen, Innerdalen og på heimlege strøk i Surnadal. Tilskyande ver, stri vind og blaut, treig snø gjorde turen frå Blåhø og søraustover til ein langdryg etappe, der det gjekk hardt utover oppakninga av seigmenn og snickers for å halde motet oppe.

Kort oppsummering av lang tur: ein fenomenal rundtur i storslagen natur!

Ingen sak med sosial distansering i Trollheimen. Armoa ved Springtverråtjønna med Gjerdhøa, Svorundfjellet og Storhaugen i bakgrunnen
Ingen sak med sosial distansering i Trollheimen. Armoa ved Springtverråtjønna med Gjerdhøa, Svorundfjellet og Storhaugen i bakgrunnen
Dagens beste skikøyring med tørrsnø på nordsida av Okla
Dagens beste skikøyring med tørrsnø på nordsida av Okla
Enkelte avspaseringsdagar framstår som meir velbruka enn andre...
Enkelte avspaseringsdagar framstår som meir velbruka enn andre...
Stri vind visest heldigvis ikkje så godt på bilete
Stri vind visest heldigvis ikkje så godt på bilete
Utvilsamt blant det flottaste Oppdal kan by på
Utvilsamt blant det flottaste Oppdal kan by på
Mektig skue mot Blåhøa frå Falkfangarhøa
Mektig skue mot Blåhøa frå Falkfangarhøa

User comments

  • -
    avatar

    Imponerende!

    Written by BjørnF 22.04.2021 18:57

    Å kopiere en av Johan sine Storturer er imponerende. Var selv i Storlidalen denne dagen og så snøføyka på Storsalen så det er lett å forstå at vinden var stri.

    • -
      avatar

      Sv: Imponerende!

      Written by aarvag 24.04.2021 14:29

      Takk for det, Bjørn! Litt vind og føyk må ein nesten regne med undervegs på ein heildag til fjells - på ingen måte nok til å ødelegge opplevelsen. Kan tenkje meg Storlidalen viste seg frå si beste side og!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Imponerende!

        Written by BjørnF 25.04.2021 12:41
  • -
    avatar

    Imponerende -Gratulerer.

    Written by opps 21.04.2021 20:23

    Imponerende rundtur i min favoritt lekegrind – håper du fikk tid til å se alle de fine fjella du hadde rundt deg på denne råtøffe turen med alle de høydemetrene og seige oppoverbakkene.

    • -
      avatar

      Sv: Imponerende -Gratulerer.

      Written by aarvag 21.04.2021 22:58

      Forstår godt at dette er favorittområdet, Oddveig - velegna til korte og lange turar i storslagent landskap både sommar og vinter!

  • -
    avatar

    Imponerende

    Written by simenee 20.04.2021 21:39

    Knalltøff runde! Rett og slett stilig, Steinar.

    • -
      avatar

      Sv: Imponerende

      Written by aarvag 21.04.2021 09:22

      Premiumrunde i premiumlandskap, Simen! Kanskje ein variant av denne til fots blir sommarens felles-storprosjekt?

  • -
    avatar

    Gratulerer..

    Written by otto 20.04.2021 21:26

    Oi oi, den var brutal. Ser ut som du har kopiert ruta til naboen.. Imponerende (76 km - 5500 hm)

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer..

      Written by aarvag 21.04.2021 09:14

      Stemmer bra det, Otto - det er tryggast å halde seg til oppgått spor!

  • -
    avatar

    Gratulerer!

    Written by Ofisk 20.04.2021 21:05

    Dette var en rå prestasjon som blir vanskelig å slå.. hva tror du JoSo?

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer!

      Written by aarvag 21.04.2021 09:13

      Takk for det, Odd! Ein fenomenal runde i eit landskap du er godt kjend i - absolutt blant det aller beste Trollheimen og Oppdal kan by på!

    • -
      avatar

      Sv: Gratulerer!

      Written by JoSo 21.04.2021 10:50

      Kjemperunde i våre nabofjell !

      Litt variasjon i start-/sluttpunkt (Festa vs Osen) & kanskje rutevalg forøvrig (fjellski vs rando), men med så mange timer raskere blir dette i en helt annen divisjon :)

      (Ps.: Aldersforskjell har sikkert null betydning.. ;-))

      Gratulerer så mye til deg, Steinar !!

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Gratulerer!

        Written by aarvag 21.04.2021 11:40
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Gratulerer!

          Written by JoSo 21.04.2021 16:11
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.