Archive - Date

Collected lists

Ytre Sula

Date:
27.03.2024
Duration:
2:18h
Distance:
10.6km

Eit kort forsøk opp mot Indre Sula vart fort forkasta på isete underlag. Rusla opp på Ytre Sula og sklei nedatt på temmeleg stussleg skiføre.

Map    

Hårstadnebba og Kalknebba

Date:
09.09.2023
Duration:
6:04h
Distance:
13.1km

Ein sensasjonelt fin haustdag i Sunndalsfjella. Først til Hårstadnebba, deretter over Kalknebba på returen.

Map    

Langrabbpiken, Hårstadnebba, Kalknebba og Litjkalken

Date:
19.08.2023
Duration:
4:34h
Distance:
15.9km

Ein skikkeleg gromrunde i mektige Sunndalsfjell. Godt egna for den som er glad i steinur

Map    

Store Trolla

Date:
18.08.2023
Duration:
3:54h
Distance:
12.9km

Uten tvil ein av Trollheimens flottaste toppar, om ikkje den gjevaste av dei alle. Formidabel utsikt i alle himmelretningar denne dagen

Map    

Innerdalstårnet

Date:
17.08.2023
Duration:
3:53h
Distance:
18.6km

Klassikertur i Innerdalen. Klassisk nordmørsver med skodde som kom og gjekk, og som sjølvsagt letta i god tid etter at toppen var besøkt. Som alltid folksomt på tur til Innerdalstårnet

Map    

Flånebba

Date:
15.08.2023
Duration:
2:47h
Distance:
9.5km

Intervallbasert utfart til Flånebba

Map    

Salomon Xreid Trollheimen

Date:
30.06.2023
Duration:
22:16h
Distance:
132.9km

30. juni har stått som ein dato med raud ring rundt på kalenderen sidan Xreid-gjengen annonserte Trollheimen som destinasjon for årets løp. Etter ni år med arrangement rundt om i landet vart det tiande og siste løpet lagt til området som eg har tura rundt i på jakt etter nye toppar dei siste åra. Ultraløping har vel pirra interessa i større eller mindre grad i lengre tid, og når årets rute vart lagt i nærteigen, så måtte det berre bli påmelding. Drøye 200 deltakarar starta ut frå Storlia klokka 12:00 på fredag med mål om å tilbakelegge 135 kilometer gjennom Trollheimen med målgang på Oppdal. Dermed bars det i veg langs raudmerka sti, som stort sett likna meir på elv enn sti til Innerdalen, vidare over Bjøråskaret i skikkeleg ruskever før første checkpoint på Kårvatn. >>>

Map     2 comments

3 x Ekkertind

Date:
18.06.2023
Duration:
5:42h
Distance:
27.9km

Siste langtur i relevant terreng før Xreid. Tre forholdsvis jevne drag til topps i ubehageleg varme. Full race kit og øving på ernæringsplan før årets vakreste (?) eventyr om knappe to veker.

Map    

Ultrabirken

Date:
10.06.2023
Duration:
6:07h
Distance:
59.6km

Som alltid strøkent arrangement i regi av Birken-gjengen - sol og godver la heller ingen demper på stemninga. Særdeles løpbart høgfjellsterreng gjennom heile traséen.

Map    

Gjørashaugen og Ekkertind

Date:
27.05.2023
Duration:
4:10h
Distance:
26.3km

Spesifikk trening inn mot sommarens store mål - Xreid Trollheimen. To rundar til Gjørashaugen etterfulgt av litt løping på flatmark på Gjøra. Deretter opp til Ekkertind (i nysnø), og nedatt om Vollasetra.

Map