Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Skårasalen, Ørsta, 1542 moh
- Date:
- 09.09.2023
Fellestur MNT til Skårasalen, Ørsta. Vi vart berre 5 stk. (4 av dei påmelde kom ikkje, og gav heller ikkje beskjed om at dei ikkje kom...) Strålande fint og varmt ver, berre ein del vind på toppen, men det var fønvind. Vi gjekk ein rundtur, med rett opp og den "vanlege" ruta ned att, som går mot kanten (utsikt mot Urke) ned att. 1000 høgdemeter stigning. Vi hadde nok hatt ein noko lettare oppstigning, om vi hadde gått normalruta begge vegar, men det gjekk no greit den ruta vi valde og.
Haugsvarden, Gloppen, 862 moh
- Date:
- 06.09.2023
Onsdagstur med Stad gålag. 13 stk tok turen til Gløppen og Haugsvarden. Vi gjekk ein rundtur, med start nedanfor Tystadstylen. Vi var først innom Skorstøylen, før vi tok stien inn til Almsstøylen og vidare opp til Haugsvarden. Nedatt gjekk vi om Tystadstøylen. Fin og lett rundtur i strålande kveldssol :)
Storeggja, Stad, 968moh
- Date:
- 30.08.2023
18 stk. var med gålaget på tur, i idyllisk kveldssol. Vi gjekk opp stien frå parkeringa på Furehogane, så vidare stien opp på Storeggja. Dette er og ein av Eid sine T-turar i år. Ned att gjekk vi ei runde bak og rundt Storeggvatnet og over og rundt Tjønndalsvatnet. Retur ned same stien langs skiløypa/Furehogane. Flott rundtur!
Skipenes - Dalssætra- Ossætra, Stad 512 moh
- Date:
- 23.08.2023
Ny tur med Stad gålag. Regn, tåke, mykje vatn og elvar... Men fin tur vart det, likevel. Vi parkerte ved idrettshuset, og gjekk opp mot Skipenessætra. Vi gjekk sti bort/opp til Dalssætra. Den stien hadde ingen av oss gått før. Det regna berre ei lita stund, og tåka heldt seg over oss. Vi kom oss over elvane og traska av garde i våte sko... På Dalssætra gjekk vi inn i oppvarma sel, med kaffiservering! Etter litt klesskift, var vi klare til tilbaketuren, som gjekk ned til Ossætra, ned og over brua og sti ned til skogsvegen mot Taklo og til slutt ned på vegen på Åshamar. 6 stk. på tur, pluss dei 3 på Dalssætra.
Hanekamben - Skolmen, Stad, 652 moh
- Date:
- 20.08.2023
Eg og Elin var på rekogniseringsrunde for moglege turar for gålaget neste år. Vi gjekk frå Almenningsfjellet og opp på Hankamben. Merka sti, litt utydeleg i starten. På toppen fekk vi tåke, så vi såg ikkje allverda... Vi oppdaga at der var ein topp ikkje så veldig langt vekke: Skolmen, der der og var merka sti bort. Vi bestemte oss difor for å gå dit. Stien bort dit gjekk heilt ute på kanten! Sidan tåka letta, hadde vi fin utsikt her! Tilbake såg vi eit skilt merka skytebane (det var der vi kom i frå), så då følgde vi merka dit. Då vi var nesten tilbake, gjekk stien/merka oppover, over tunnelen og langs ein gammal veg på andre sida, tilbake til der vi parkerte. Turen vart dermed ganske lang: 14km... Men flott, likevel!
Furehornet, Stad, 432 moh
- Date:
- 16.08.2023
Stad gålag på tur i ytre. Vi parkerte på parkeringa rett før svingane ned mot Hoddevikja. Her var det merka sti til Furehornet. På toppen såg vi rett ned til Indre Fure. 13 stk. var med. Ok ver og kort og lett tur. Noko tåkeyr på slutten, men det la ingen dempar på stemninga..
Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh
- Date:
- 11.08.2023
Formiddagstur på Støyvastøylen, med mamsa og tante Sissel. Fint ver.
Mørkevatnet - Blåfjellet, Volda, ca. 600 moh
- Date:
- 01.08.2023
Vi parkerte ved vegen (Stigedalsvegen, rett forbi Stigedalsvatnet) og følgde merka sti opp til Mørkevatnet. Stien gjekk ganske rett opp, særleg i starten, men kort tur til Mørkevatnet. Så gjekk vi sti vidare til Blåfjell, der det var fantastisk utsikt ned i Bjørkedalen, mot Keipen. Fint ver hadde vi og. Eg og Elin ville gå opp turen, før vi skal ha den med gålaget seinare i haust.. Avslutta med bad i Hornindalsvatnet. Då byrja det å regne..
Lavesteinen - Gjegnabu, Gloppen, 1254 moh
- Date:
- 24.07.2023
T-tur 2023, til Lavesteinen, med Mariann. Litt usikre meldingar angåande veret, men vi starta tidleg, i solskin. Vi parkerte på Hope parkering, 4-hjustrekk på bilen :) Der gjekk vi på skogsveg oppover ei stund, derette sti opp til Lavesteinen. Sidan eg berre hadde vore der ein gong før (over 20 år sidan) og ho ikkje, bestemte vi oss for å gå vidare til Gjegnabu. Ruta var tydeleg merka, og berga var ikkje glatte. Vi hadde nistepause på Gjegnabu, før vi returnerte. Då var det byrja å regne litt, men ikkje så mykje. Det byrja etterkvart å tordne, men heldigvis eit stykke unna. Frå Lavesteinen og ned, derimot, då regna det skikkeleg... Stien var bratt og gjørmete, så vi var glad då vi endeleg var nede ved bilen, våte som kråker og skitne... Men angra ikkje på turen :)
Årdalst.-Bøvassbu-Seime/Rådast.-Årdalst., Gloppen 1229moh
- Date:
- 08.07.2023
Eg og mamsa gjekk rundtur på Bøafjellet, for å gå opp ruta igjen før turlagstur. (No vart det ingen turlagstur veka etter pga veret, men vi fekk no turen!) Vi parkerte ved Årdalsstøylen og gjekk stien opp til varden og vidare over Blåfjell. Vi gjekk ikkje over høgaste punktet, då ho ikkje ville, og eg ville ha brukt litt lang tid..). Vi gjekk ned til Bøvassbu og langs "kanten" mot Breimsbygda ned og rundt til Seime-Råd-Bøastøylen. Så var det vidare på sti bort og ned til Årdalstøylen igjen. Herleg ver!