Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (1)
"Peakbookvenner"
Favoritturer
Favorittopper
Trivselsskogen, Gloppen
- Dato:
- 27.04.2023
Stad gålag på tur i Trivselsskogen, Sandane. 11 stk. Vi gjekk opp trappene til Fosseteateret, litt ned att og bort stien i skogen til Utsikten. Ned att trappene forbi Draumekvila (dagsturhytta), ned i kjærleikskogen og bort til TIN-campen (Trygg I Naturen). Det regna så vidt littegrann ved dagsturhytta, men då kunne vi jo stå under tak..! Mange lot seg imponere over dei flotte figurane vi møtte på turen.
Libbermannen, Stad
- Dato:
- 20.04.2023
Stad gålag. Vi parkerte ved Skorbøen, og gjekk på sti forbi garden Årdal og ut til Libbermannen. 25 stk deltok! Flott tur i fint ver. Libbermannen er ein artig steinformasjon, som ser ut som eit fjes i profil. Stoppa på stranda, for å ta bilete av den nydelege solnedgangen!
Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh
- Dato:
- 16.04.2023
Formiddagstur med mamsa. Snøen var fast og fin, så vi hadde berre på broddar. Nydeleg ver.
Haugstøylen-Vambesetstøylen-Almstøylen, Gloppen
- Dato:
- 16.04.2023
Ettermiddagstur med Elin. Vi skulle sjekke opp litt kva veg vi ville gå på turen opp/ned Haugsvarden. Bilvegen oppover var stengt, så vi gjekk ei anna rute enn vi først hadde tenkt. På grunn av roten snø, vart det "støyl til støyl"-tur... Vi gjekk opp til Haugstøylen, vidare til Vambesetstøylen, Almsstøylen og tilbake til Haugstøylen (på delvis sti...) Mykje vading i snø, men fin tur likevel.
Hjellvika - Rotvika - Hunvika, Stad
- Dato:
- 13.04.2023
Årets første tur med Gålaget. 21 stk var med! Vi parkerte oppe og gjekk ned til Hjellvika, først på skogsveg (mot Reset), deretter på sti ned skogen. Så følgde vi sti forbi Rotvika og vidare til Hunvika. Gjekk vegen opp att. Kjekke tur!
Storevarden, Stad, 680 moh
- Dato:
- 08.04.2023
Nok ein fin påsketur. Eg og Anne Tove gjekk (fottur), medan Jenny gjekk på truger. Det gjekk fint, men vi sakk nedi ein del på veg nedatt.. Vi gjekk ruta Remmedalen/Myrold, som var T-tur i fjor.
Vedviknibba, Stad, 729 moh
- Dato:
- 07.04.2023
Trugetur med Anne Tove. Vi gjekk frå Tua og delvis opp lysløypa, delvis spor frå "løypespor" til det neste. Vi gjekk opp ryggen framme, så bakover til venstre, og opp på kanten og til høgre utover til toppen. Ned att gjekk vi ikkje framme, men den merka ruta frå vegen (som gå opp til Lindvikdalen grillhytte). Bles litt på toppen, elles fint! Avslutta turen med bobler heime :)
Svartebotnen, Gloppen, 1000 moh
- Dato:
- 05.04.2023
Skitur i Svartebotnen, med Lene. Flott sol denne dagen og! Skia var ikkje heilt på topp, med litt bakglatt... Rudolf og venene var på Støyvastøylen, då vi kom forbi der på veg nedatt.
Fløtravarden, Gloppen, 869 moh
- Dato:
- 04.04.2023
Skitur med mamsa. Vi gjekk runda opp på Varden og ned att forbi Holestøylen. Endå ein dag med strålande sol! Var bortom Feldehytta på veg heim, der vi møtte tante Anni.
Støyvastøylen, Gloppen, 840 moh
- Dato:
- 02.04.2023
Skitur med mamsa. Vi følgde den oppkøyrde løypa både opp og ned att. Strålande sol!