Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Mosehaugane- Kvanndalsvatnet - Fura, 753 moh
- Date:
- 19.11.2023
Ny rute til gålaget. Vi har planer om å gå halvparten av oss frå Hornindalsvatnet/Skrede og halvparten frå Hopland. Vi måtte difor sjekke ut om stien på kartet var tydeleg å følge frå Fura til Hopland. Vi gjekk i dag frå Hopland, frå parkeringa ved Innitunstøylen. Der var tydeleg sti heilt ned til Kvanndalsvatnet. Det var ein god del is, særleg på myrane, men vi kom oss trygt fram. Mellom Kvanndalsvatnet og Fura var der ikkje tydeleg sti, men ingen problem med å finne fram, pga. elva. Tilbake fann vi stien på andre sida av elva, og kunne gå på denne eit stykke oppover. På tilbakeveen hadde vi ein liten avstikkar opp på Mosehaugane, der det var flott utsikt i fleire retningar!
Lagmannen (Blåfjell), Stad, 650 moh
- Date:
- 16.11.2023
Ny T-tur for 2024. Vi gjekk frå Heggjavatnet og opp ryggen (Lagmannen) til varden. På varden står der skilt Blåfjell, men på kartet er Blåfjellet toppen lenger oppe... Vi kom akkurat ned att før det vart for mørkt..
Dua, Vanylven, 794 moh
- Date:
- 11.11.2023
Ny utsjekking av turar til neste år. Denne dagen gjekk vi frå Rabbane (Ervik). Der var det fin sti i lett terreng bortover til Mosehaugane og Fossane, opp til Ledvatnet. Vidare var der sti opp på Dueegga og bort til Dua. Vi gjekk annan veg ned: ned til Duevatnet og på sti tilbake til Fossane. Nydeleg haustdag.
Åsnesnakken, Stad, 197 moh
- Date:
- 08.11.2023
Ny T-tur for 2024 og korttur for gålaget neste år. Vi parkerte ved riksvegen, og kryssa den. Stien gjekk forbi fleire nedlagde bygningar, m.a. garden Bergheim. Pga. mykje lauv, var det ikkje alltid like enkelt å følge stien, for der var stadig småstiar oppover. Det var likevel enkelt å finne fram, då toppen var like ved dei store mastene. Fin utsikt utover fjorden og Bryggja.
Fura, Stad
- Date:
- 04.11.2023
Utsjekking av T-turar for 2024 og turar til gålaget. Vi gjekk frå parkeringa ved Hornindalsvatnet og opp ein skogsveg. Etter eit lite stykke gjekk der sti til høgre, merka Fura/Hopland. Stien var delvis merkt og tydeleg oppover.
Helgehornet, Volda, 626moh
- Date:
- 04.11.2023
Fin rundtur, der vi gjekk frå skytefeltet og opp til høgre. Ned att gjekk vi motsett veg, slik at vi fekk utsikt mot fjorden på andre sida. Frå toppen kunne vi sjå ganske langt.
Sonjahytta, Stad, 747moh
- Date:
- 03.11.2023
Rundtur, der vi parkerte nedanfor Utigardssætra. Vi gjekk opp til sætra og vidare stien opp på Sætrefjellet og opp til Sonjahytta. Nedatt gjekk vi forbi Innigardshytta og Innigardssætra og tilbake til Utigardssætra. Det var is nokre plassar, så det vart nokre blåkular etter eit fall der...