Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Hoven - Skredfjellet, Stryn, 1155 moh

Date:
19.01.2020

Endeleg ein dag med opphaldsver... :) Vi tok skyliften opp til Hoven, og vandra bakover til Skredfjellet. Der var køyrd opp spor heile vegen, så vi trengde ikkje broddar. Med Anne Tove.

Map    

Fløtravarden - Flølostøylen, Gloppen, 869 moh

Date:
24.12.2019

Julefeiring med tur på fjellet med mamsa :) Hadde den lure ideen å gå stien opp frå Holestøylen til Varden... Snøen bar stort sett oppover til Varden, men vi trakka mykje gjennom på veg ned til Flølostøylen. Betre etter at vi kom inn på fjellvegen tilbake til Svoda. Tåka låg tjukk inne i fjorden.

Map    

Almsstøylen - Haugsvarden, Gloppen, 862 moh

Date:
17.11.2019

Vi avslutta fellesmøtet med å traske i snøen opp til Haugsvarden. Fint trakka sti, så det gjekk bra. Vi gjekk opp og ned via Almsstøylen. Med Katrine og Siv Merete. Sol på turen opp, solnefgong på veg ned att :)

Map    

Trivselsskogen - Utsikten, Gloppen, 370 moh

Date:
16.11.2019

Rundtur med SFT, fellesmøte i Gloppen. Vi gjekk frå Gloppen Hotell, opp til parkeringsplassen, opp Sherpatrappene til Fosseteateret/Holvikefossen, der vi møtte Generalsekretæren i DNT, så ned til Utsikten, Draumekvila, Kjærleiksskogen og Trygg i Naturen - området, der vi hadde lunsj.

Map    

Bjørlovatnet - Ytre Lotsskaret, 642 moh

Date:
20.10.2019

T-tur Eid 2019 fullført. Var på Bjørlovatnet og Loteskaret og henta inn tang og kasse. Gjekk frå tunnelen og opp på Bjørlovatnet og vidare opp i skaret. Litt vanskeleg å finne stien opp i skaret, langs elva, sidan den var utydeleg. Gjekk ein annan, utydeleg sti ned att til Bjørlovatnet. Fint ver, med sola var på andre sidan av dalen...

Svartegga, Eid, 1047 moh

Date:
13.10.2019

T-tur Eid med Anne Tove. Vi parkerte på Lotsstøylen og gjekk oppover vegen og inn dalen til Maragjølsbakken. Hadde ikkje gått inn den dalen før - veldig flott! Så gjekk vi opp på Svartegga og ned att til der vi tok av frå vegen. Snøen bar, så det var lett å gå opp/ned Svartegga. Aldeles nydeleg dag!

Map    

Mardalsstøylen, Gloppen

Date:
11.10.2019

T-tur Gloppen med mamsa fullført :) Gjekk opp stien til sætra. Ned att gjekk vi over ei hengebru til Søreidestøylen og ned att vegen derifrå til parkeringa.

Føleidestøylen/Ryestøylen, Gloppen

Date:
10.10.2019

T-tur med mamsa. Gjekk opp skogsvegen frå Føleide. Fin utsikt ut fjorden.

Holvikestøylen, Gloppen

Date:
10.10.2019

Ny T-tur med mamsa. Vi køyrde opp skogsvegen forbi Leirstøylen. Frå parkeringa gjekk vi "rett på" uten sti. Tilbake gjekk vi skogsvegen rundt (vegen forbi støylane).