Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Saudehornet, Ørsta, 1303 moh

Date:
25.09.2016
Distance:
7.7km

Alle gode ting er tre: denne gongen hugsa eg på både start og slutt på appen.. :) Turen starta ved vassverket, opp ein grusveg først, så over på sti. Tydeleg at det er ein populær tur - brei sti og møtte mange på vegen. Ned att var vi bortom Vallahornet, ein kort avstikkar med fin utsikt over Ørsta. Herleg å oppleve sommartemperatur i slutten av september :) Med Jeanett.

Map    

Løsethornet, Volda, 1032 moh

Date:
13.09.2016
Distance:
4.2km

Denne gongen gløymde eg å slå på appen... og batteriet lada ut dei siste minutta.. Men neste gong skal eg få det til! :) Vi gjekk frå Vasslida og opp til Svartedalsvatnet - sti først, så forsvann den på myrane, men vi fann den raskt igjen. Ok sti eit godt stykke, men deretter ingen sti. Det var likevel greitt og logisk å gå opp. Ned att ville vi ta ein litt annan veg, så då gjekk vi ned til andre enden av vatnet. Vi måtte gå litt fram og tilbake pga. småskrentar og hyller, men ikkje vanskeleg å kome seg ned. Fin hausttur i fønvind, med Kari og Elin Le.!

Map    

Krosshøe - Sognefj.hytta - Krossbu, Sognefjellet, 1627 moh

Date:
10.09.2016
Distance:
8.7km

Frisk tur i vind og regn... Testa ut den nye appen. Fønka bra 2/3 av turen, så var eg uten dekning. Gjekk til Sognefjellshytta og vidare til Krossbu, siste delen på veg. Gløymde å slå av appen v ankomst... Streken på kartet er dermed ikkje korrekt, heller ikkje tida... Brukte 4, 5 time.

Map    

Kalven, Sognefjellet, 2034 moh

Date:
09.09.2016

Tur på Kalven i varierande ver: regn, tåke og fint ver. Det slutta å regne då vi kom opp på breen. Ein såg lite på toppen, men veret vart bra etter kvart. Vi gjekk opp Leirbreen og ned att Bøverbreen, der vi klatra litt i isen :) Spennande! Vi var 11 stk + Dan, sherpaen. Jeanett datt gjennom snøen og måtte ha hjelp for å kome seg opp att frå sprekka, men det gjekk bra, heldigvis.

Map    

Matøskja - Eggene, Volda, 1332 moh

Date:
04.09.2016

Hadde eigentleg tenkt oss ein annan stad, men kom 1 minutt for seint til ferja, så då endra vi kurs... Gjekk frå Høydalen (i enden av vegen) og oppover. Tåka kom og gjekk... Var tydeleg sti i starten, med Vardar og merkesteinar. Etter kvart vart det av og til vanskeleg å sjå desse, når tåka kom sigande. Vi hadde likevel ingen problem med å gå opp. På veg tilbake måtte eg oppom Eggene, sidan eg likevel var i området... Med Anne Tove.

Map