Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Revjehornet, Selje, 426 moh

Date:
29.04.2018

Her gjekk vi opp frå Borgund, ytterste garden utanfor Leikanger. Godt merka sti, som svinga seg fint oppover. Fritt utsyn heile turen og på toppen hadde vi hav på 3 sider. Sightseeingtur med Anne Tove.

Map    

Hovden, Selje, 111 moh

Date:
29.04.2018

Roadtrip/sightseeing i Stad kommune. Vi stoppa i Ervika og gjekk først på Hovden, gjennom tunnelen og opp. Deretter gjekk vi på Lisje - Hovden, ved hjelp av tau som hang ned. Der må ein ha lågvatn (fjære) for å gå. Utsikt rett ut i storhavet!

Map    

Midtre Høgvagltinden, Luster, 2066 moh

Date:
22.04.2018

Flott ver denne dagen, og eg måtte berre ha meg ein tur, sjølv om turfølget ikkje vart med pga. gnagsår... Herleg nedrenning på rando, fin utsikt i alle retningar og merka løype heilt til topps :)

Map    

Leirvassbu mot Surtningstinden, Luster, ca 1850 moh

Date:
21.04.2018

Peakbooktreff på Leirvassbu.Fellestur med totalt 40 stk. Målet var Surtningstinden, 1997 moh. Det blåste kraftig, så vi måtte snu, ca 5 - 600 meter før toppen... (Nokre prøvde randonneeutstyr for første gong.) Men vi hadde no ein fin tur, uansett!

Bjørnaskarnakken, Eid, 610 moh

Date:
15.04.2018

Trugetur frå Hanshjellen til Bjørnaskarnakken. Tydeleg opptrakka spor + skispor, men noko blautt..

Map    

Bergsetnakken, Stryn, 1133 moh

Date:
02.04.2018

Randonnéetur frå Vangen og opp/ned Bergsetnakken med Anne Tove. Hadde eigentleg tenkt oss på Glittereggja, men sidan vegen var stengt, gadda vi ikkje å bere skia så langt, så då køyrde vi vidare i staden... Nysnø, lite lag med pudder, så det vart flott nedattrenning :)

Map