Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Trivselsskogen: Utsikten - Holvikfossen, Gloppen

Date:
30.04.2017

Testa ut dei nye stiane i Trivselsskogen på Sandane. Vi gjekk først opp til Utsikten, bort vegen og ned att stien forbi Holvikfossen og ut att stien/skogsvegen. Brukte om lag 2 timar, med stopp. Flott tiltak og fine løyper å gå i. Ikkje alt var ferdig enno, men ingen problem å gå. Med mamsa.

Varden, Breim 869 moh

Date:
29.04.2017
Map    

Utsikten Eid, 260 moh

Date:
28.04.2017

Rundtur frå Smalebrua, opp stien til Utsikten og ned att Hogaåsen. Men mamsa

Map    

Den kinesiske mur (Mutianyu Great Wall), Kina

Date:
15.04.2017

Etter ein tidleg soloppgong og frukost, gjekk vi vidare nedover muren, til den restaurerte delen av muren, som er mest kjend; Mutianyu. Vi kom dit om lag ein halvtime etter at dei første turistane kom, slik at vi fekk gå stort sett åleine denne dagen og. Framleis strålande ver og herleg tur :)

Den kinesiske mur, Kina

Date:
14.04.2017

Vi gjekk ca 40 minutt på sti opp til muren. Denne delen var delvis restaurert nokre stader, ikkje andre stader. Området var ikkje ope for turistar, men grupper med spesialløyve/guide fekk gå - deriblant oss :) Nokre stader måtte vi gå rundt muren, nokre stader var det smal sti blant busker og andre stader var det breidare. Ein plass var muren så bratt som 80 grader - då gjekk eg sidelengs opp trappetrinna...! Då vi kom til Heavenly Ladder, var der folk som dreiv med restaurering. Vi fekk likevel lov til å gå opp trappetrinna til toppen, og ned ein stige og vidare ed sti til nedover til bilen igjen. Fantastisk tur. Etter ca ein time pause, gjekk vi igjen opp til muren, der vi såg solnedgongen og overnatta i telt oppe på muren!

Huangshan- området, Kina

Date:
12.04.2017

Tilbaketuren til taubane gjekk i andre retninga, noko kortare enn dagen før, men med strålande vakkert ver denne dagen :) Vi fann ut at dei mest spektakulære stiane i bergveggen ikkje var mogleg for oss å gå - antakeleg ikkje trygge lenger... (I alle fall ikkje i det området som vi var i).

Huangshan- området, Kina

Date:
11.04.2017

Vi tok taubane opp i fjellet, og gjekk på sti/veg, nokre stader festa i fjellveggen. Vi gjekk først ei runde til hotellet, Beihai, (ca 1 time, med diverse fotostopp), så ei runde den andre vegen, totalt 17,5 kilometer. Eg og Elin gjekk ein god del på eiga hand, for å trimme og utforske området. Vi var bl.a. oppom Flying over rock, Brightness top (1840 moh), Turtle carrying gold turtle, Lotus peak (1864 moh)... Tåka kom og gjekk, i eit trolsk og vilt landskap med fantastiske fjellformasjonar og tre (mest furu).

Map     2 comments

Wannian Temple - Wuxiangang, Mount Emei, Kina.

Date:
08.04.2017

Flott vandring gjennom regnskogen, nedover trapper og bortover vegar. På turen passerte vi fleire fine tempel og paviljongar. Vi gjekk ca 6 km.

Jinding Si, Emeifjellet, Kina, 3079 moh

Date:
07.04.2017

Vi tok taubane eit stykke opp, frå Leidongping parkeringsplass, 2430 moh, til Jieyin, 2710 moh. Deretter gjekk vi opp trappene til den heilage toppen, som ligg på 3079 moh. Der var det ei stor gullstatue av Puxian Boddhisattva, 24 meter høg. Buddhistane gjekk runder rundt, medan dei ba. Merka at det var tynnare luft då vi gjekk opp trappene... Mange ville ta bilder med oss - vi var blant dei få kvite der... Taubane ned att, mot neste mål :)

Wanniantempelet, Mount Emei, Kina, ca 1020 moh

Date:
07.04.2017

Etter å ha tatt taubane nedover og deretter buss, kom vi til ny taubane til Wannian Temple. Her valde vi å gå opp trappene i staden, gjennom regnskogen. Fin tur og bra trim! Med Elin Leikanger og Shifu Zheng. Overnatting på tempelområdet.