Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Ossætra, Eid, 422 moh

Date:
27.08.2019

Fjelldag med skulen. Opp frå Os, bort til Skipenes og ned att der. Innlagd badestopp på sætra. (Dei som hadde vore på Trollenyken kom ned att frå Skipenessætra der når vi kom nedanfor der). Strålande dag :)

Map    

Trollvassnyken, Eid/Volda, 958 moh

Date:
25.08.2019

Søndagstur på Stårheim med Inger Janne. Fortsatt sol og sommartemperatur. Litt disig på toppen.

Map    

Tarvaldsegga og Orren, Selje, 645 moh

Date:
18.08.2019

Fint ver, fin utsikt og fin tur på Tarvaldsegga med Anne Tove. Litt vind, men elles bra. På nedatt -turen gjekk vi ein snartur oppom Orren, sidan vi likevel gjekk rett forbi. Kort tur, der vi brukte under ein time opp, i roleg tempo. Stien var godt merka, frå vegen.

Map    

Ben Nevis (nesten opp... 1230 moh), Skottland

Date:
09.08.2019
Distance:
5.5km

Trackingen fungerte delvis... Vi starta i ok ver, men det byrja etterkvart å blåse opp, så regne ein del. Tydeleg sti oppover! Lett og fin trase. Då vi hadde kome eit lite stykke, kom det kraftig kastevindar. Vi fortsette likevel, sidan det var såpass greit å gå. Oppe i tåka vart vinden endå meir ekstrem, så då vi ikkje såg til neste varde (og det vart vanskeleg å stå oppreist), snudde vi ned att, ca 15 minutt frå toppunktet. Surt å måtte gje seg då, men vi fann det ikkje forsvarleg å halde fram... Etter at vi hadde gått nedover i ein times tid, betra veret seg, men då var det for seint å snu opp att.

Map    

Muncaster Fell, Lake District, England, 231 moh

Date:
06.08.2019
Distance:
7.7km

Trackinga fønka mesteparten av oppoverturen... Vi hadde denne dagen sett føre oss ein tur på Scafell Pike, men det låg tåke ned halve fjellet, i tillegg til kraftige torebyger, så det droppa vi... I staden fann vi ein liten topp på kartet: Muncaster Fell. Dette var eit lurt val, då vi hadde fint ver nesten heile turen, i tillegg til utsikt mot havet og lett, fint terreng å gå i. Tydelege stiar, med små variantar av vegval undervegs. Nokre stader vart det litt myrete.

Map    

Snowdon, Wales, 1085 moh

Date:
05.08.2019
Distance:
0.7km

Vi bestemte oss for å ikkje ta nokon sjanse i tåka denne dagen, så då tok vi toget opp og gjekk ned att Pyg Track til Pen y Pass - Vi hadde dermed utforska 4 ulike vegar opp eller ned frå fjellet... (Trackinga datt ut denne turen og...) Vel verdt å ta toget. Dette vart ei oppleving i seg sjølv.. Vi hadde heller ikkje tid til å gå begge vegar, pga at vi skulle til Manchester for å hente Reidun på flyplassen... Lett og fin tur ned att, med mange trappetrinn og brei sti. "A walk in the park", samanlikna med dei to rutene frå dagen før... Pyg track var dessutan ruta vi hadde tenkt å gå ned att dagen før. (Det var og den ruta vi hadde planer om å gå opp att, då vi tok feil veg ned att dagen før...) Var sikteskide på toppen - ikkje at vi såg noko den peika mot, men...

Map    

Crib Goch, Snowdonia, N. Wales, 923 moh

Date:
04.08.2019
Distance:
4.6km

Varierande forhold: litt sol, litt regn, skodde... Vi tok bussen frå Llanberis til Pen y Pass. Hadde tenkt å gå Snowdon Horse shoe, men enda opp med noko anna... Vi gjekk/klatra delvis opp til Crib Goch, der vi siste delen kom opp i skoddeheimen. Sidan det var så lite sikt, torde vi ikkje å gå/krype/åle oss bort egga, ned egga og opp att på neste topp og opp til toppen av Snowdon. Vi såg ikkje kor langt vi måtte på egga eller kor langt det var ned på sidene. (På veg ned att dagen etterpå, såg vi at det ikkje var så langt bort og ned egga og ikkje så veldig høgt ned på den eine sida...) På returen klarte vi å ta feil og følge ein annan rygg nedover. Vi oppdaga det ganske raskt, og var på veg opp att, då vi møtte 2 stk på veg ned. Dei sa at det berre var ein veg ned, >>>

Map    

Holyhead Mountain, Wales, 220 moh

Date:
03.08.2019

Roadtrip til Holy Island, Wales. Vi køyrde på delvis smale vegar (og venstrekøyring...) til fyrhuset ved kysten der. I området var det fine stiar å vandre på, så då gjorde vi no sjølvsagt det! Vi måtte så klart oppom høgaste toppen, og den viste seg å vere ein 100-meterstopp: Holyhead Mountain. Mykje lilla lyng med klattar av gule blomster innimellom.

Map