Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Gapahuken Andenes, Gloppen
- Date:
- 30.04.2024
Var med gålaget i Gloppen på tur. T-tur, til Andenes og gapahuken der. Turen gjekk for det meste på veg, rundtur nedre og øvre vegen. Fint ver og lett tur.
Gildra, Eid
- Date:
- 28.04.2024
Strikkefestival, med tur på Gildra, der vi hadde svele-/kaffipause og strikking.. Vi gjekk skogsvegen opp/ned frå Rindane.
Åsnesnakken, Bryggja, 204 moh
- Date:
- 24.04.2024
Stad gålag, med 24 stk. på Åsnesnakken. Fint ver og god stemning, som vanleg. Ein treng ikkje alltid å gå så høgt opp, før ein har bra utsikt.
Tvinnefossen og Baggehola, Stryn
- Date:
- 17.04.2024
Stad gålag på tur med 24 stk. Denne gongen gjekk turen til Stryn kommune, til Tvinnefossen. Vi gjekk skogsvegen frå Rand skule. Bra med vatn i fossen. Deretter køyrde vi vidare til Ulvedalsdammen og gjekk ned til Baggehola, ein liten rundtur der. På veg tilbake stoppa vi på utsiktspunktet på Nosa. Nok ein nydeleg dag.
Askevika, Ålfoten/Bremanger,
- Date:
- 10.04.2024
Stad gålag på tur til Askevika. Denne gongen hadde det regna ein del i dagane før, så det var litt sleipt på steinane... Eg gjekk berre halvvegs, grunna ein av turdeltakarane.. 21 stk på tur totalt.
Kristianmyrvatnet, Bjørkedalen/Volda, ca. 450 moh
- Date:
- 05.04.2024
Ny rekogniseringstur med Elin. Vi køyrde opp Laurdalsvegen, men pga. snø, måtte vi parkere eit stykke frå brua/parkeringa. Eg hadde truger, Elin til fots. Nytt turmål for begge, og definitivt ein bra tur for gålaget seinare. Sjølve vatnet/tjønna var snødekt, men vi fekk eit bra inntrykk av utsikta mot Keipen og Bjørkedalen.
Gottrøysa, Brurahornet og Veten, Vågsøy, 613 moh
- Date:
- 01.04.2024
Blanda ver, varierande utsikt, men fin tur med Elin. Tippar at vi har Veten som tur med gålaget neste år? Vi gjekk på Gottrøysa først. På kartet og Peakbookkartet står det Gottrøysa, men på skiltet stod det Brurahornet. Vi gjekk vidare på det som på karta heiter Brurahornet. På skiltet står der Brurahornet Vest. Vi følgde merkinga nedover i tåka, og opp att på andre sida, på Veten. Då letta det litt, så vi hadde utsikt på turen ned att der.