Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Hoven, Vågan, 368 moh

Date:
31.07.2017

Vi starta frå tennisbana på Hov. Veldig tydeleg sti, og berre 43 minutt opp, men bra utsikt likevel :) Fin sol, men det bles ein del på toppen...

Map    

Himmeltinden, Vestvågøy, 931 moh

Date:
29.07.2017

Vi gjekk frå Haukland, opp den gamle anleggsvegen/stien og vidare opp tydeleg sti til Himmeltinden Sør. Eg lurte på å gå bort på den høgste toppen, med NATO sitt varslingsanlegg, men dei lokale sa at nesten gjekk dit bort pga strålingsfaren... Endå ein nydeleg dag med flott utsikt :) Bading i sjøen etterpå!

Map    

Reinebringen, Reine i Lofoten, 448 moh

Date:
27.07.2017

Vi gjekk frå Reine, bortetter langs vegen. Opp var det tydeleg sti og ganske bratt. Eit stykke på vegen hadde det blitt lagd sherpasti/trapper. Litt laus grus og mykje støv ned att... Utruleg flott utsikt frå toppen, ned mot Reine og rundt omkring! 1 time opp, med Anne Tove og Konrad.

Map    

Dronningruta: Botnkrona - Grytfoten, Alstadhaug, 1071 moh

Date:
25.07.2017

Vi gjekk Dronningruta (Dei 7 søstre) på Alstadhaug. Turen var tydeleg merka, med tau til å klatre med oppover svaberga. Vi gjekk først opp på Botnkrona, toppen lengst mot nord. Litt klyving mot slutten, flott utsikt på heile turen. Frå toppen såg vi i alle retningar! Vidare gjekk vi ned att til ca 850 moh og runda rundt Botnkrona og gjekk bort til neste topp. Der runda vi og rundt, og hadde litt klyving til toppen av Grytfoten. Ned att vart det endå meir svaberg! Sidan veret var fint og det var heilt tørre, litt knudrete berg, var dette heilt uproblematisk. På vegen ned bada vi i eit par KALDE kulpar, for å kjøle oss litt ned :)

Map    

Gjennom Torghatten, Brønnøysund, 150 moh

Date:
24.07.2017

Sightseeing: Måtte jo berre gå gjennom Torghatten, på veg nordover med Anne Tove :)

Map    

Gjølruta, Hoven, Stryn 1008 moh

Date:
21.07.2017

Vi tok bana opp denne gongen - måtte jo prøve den! Vi gjekk bakover på stiane der, på Gjølruta. Kort og fin tur, med mamsa og pappsen.

Map    

Ryggjastøylen - Sessegga - Holsegga, Gloppen, 1344 moh

Date:
19.07.2017

Langtur med mamsa, i strålande ver. Vi køyrde ein bil i Hyen dagen før og gjekk over fjellet frå Rygg til Hyen. Vi parkerte ved Ryggjestøylen og følgde fin sti opp til Berdalsegga, Morafta og Sessegga. Derifrå var det ein og annan varde over til Holsegga. Opp dit gjekk vi opp nokre snøbear, den siste ganske lang og bratt. Frå toppen var det merka ned til Holmestøylen, men øverst var det sparsomt med måling... Der var nokre stilige "vegar" i terrenget, der det såg ut som om nokon hadde skyfla vekk stein :) Litt bratt ned til støylen, men fin sti/merking på nederste delen. Totalt brukte vi over 7 timar på turen...

Map    

Rasmusskarholten, Hyen, 297 moh

Date:
18.07.2017

Eg og mamsa tok ein liten trimtur i Hyen, då vi likevel skulle ut dit for å parkere bilen til neste dag. Fann ein 50 meterstopp på lista... Vi gjekk sti opp til ei mast. Ned att ville vi gå meir direkte på vegen, og enda opp nedover ein bratt bakke, der vi tråkla oss nedover. Litt sleipt/skliing her og der, men vi kom oss no ned :) Idyllisk, lite vatn der: Rørvikvatnet.

Map    

Støyvastøylen, Breim, 840 moh

Date:
12.07.2017
Map