Archive - Date
Archive - Activity
- Trip by foot (1)
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Utsikten Eid, 260 moh
- Date:
- 31.12.2021
Gildra, Eid 275 moh
- Date:
- 29.12.2021
Ettermiddagstur på Gildra. Kjapp tur opp og ned frå parkeringsplassen på Rindane.
Lonevatnet, Breim 270 moh
- Date:
- 23.12.2021
Formiddagstur med mamsa og tante Sissel. Vi gjekk opp insteråsa og nedatt skogsvegen frå Lonevatnet.
Tungestølen - Langedalen, Luster 300 moh
- Date:
- 02.10.2021
Fellesmøte SFT på Tungestølen. Gruppa mi køyrde til Nystølen og gjekk innover Langedalen mot breen, langs elva. Morgontåke, som letta etter kvart. Min første tur til Tungestølen - det ga absolutt meirsmak!
Førdsnipa, Førde
- Date:
- 19.09.2021
Eg og Katrine var på jubileum med IST, og då måtte vi no sjølvsagt ha med oss ein fjelltur i området før heimreisa. Valet fall på Førdsnipa, som vi hadde fått anbefalt kvelden før. Vi gjekk ein liten rundtur: opp via Flatestølen, ned via Skeistølen.
Utigardssætra, Eid 344 moh
- Date:
- 09.09.2021
Tur med 8.klasse. Fekk med meg nokre av dei opp stien i skogen og nedatt same stien. Varierande ver, men bra humør på gjengen :)
Utigardssætra, Eid 344 moh
- Date:
- 07.09.2021
Rekogniseringstur med Anne Tove, før overnatting med 8.klasse. Dert var skogsveg nesten heilt opp, men vi gjekk sti ned skogen på nedatturen.
Fossane - Tortenholsvarden, Eid 891 moh
- Date:
- 05.09.2021
Eg og Anne Tove gjekk opp stien til Fossane og vidare opp på Tortenholsvarden. Ned att same veg. Etterpå var vi på klatring på Haus :) (Det var vi tysdagen og)..
Trongedalsnipa Eid, 880 moh
- Date:
- 28.08.2021
Ny tur på Stårheim, med Reidun, Rønnaug og Reidun RH. Denne gongen gjekk vi frå Sigrona, og følgde stien på høgre side av elva. Vi fylgde stien frå Indre Fannstøylen til Løysingevatna, og vidare over toppen Trongedalsnipa Vest for. Ned att fann vi ut av vi ville ha ein rundtur, og studerte kartet og området. Vi gjekk over småtoppane (Trongedalsnipa Sør for) ned att mot Bauvatnet, og fann stien derifrå til Sigrona. Fin rundtur i strålande sol.