Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

P. so Valparola (2168m) - Lagazoui (2752m) - P. so Falzarego

Date:
28.06.2016

Fantastisk rundtur bak, opp og rundt Lagazoui! (Ingen markering på Peakbook, sjølv om det var mange høgdemetrar i alle retningar...) Vi starta på Passo so Valparola (2168 moh). Her gjekk stien bortover fjellsida og opp ein bratt bakke med fine svingar. Så snudde stien bak Lagazoui og vi gjekk i slakk stigning til vi møtte stien frå andre sida. Vi såg rådyr eller villgeiter. (Vanskeleg å sjå pga. avstanden...)Vi måtte bortom høgaste punktet og utforska og diverse holer og forskansingar frå 1.verdskrigen. Litt luftig utføre enkelte plassar. Frå toppen var vi på oppdagelsesferd ned til Entrata Galleria (inngongen til tunellane), bortover ein smal egg, og litt småklatring på jarnboltane lenger nede (til ei lita grotte). Til slutt måtte vi gå på vegen mellom Passo so Falzarego >>>

Map    

Boe Vallon endestasjon, Corvara, 2520 moh og til ca 2800 moh

Date:
27.06.2016

Vi tok bana til endestasjonen, Boe Vallon, 2520 moh. Så gjekk vi vidare forbi ei hytte og rundt og oppover. Planen var toppen: Piz Boe, men på grunn av ein del snø og at det låg tåke oppi, valde vi å snu på ca 2800 moh. (Det gjorde dei andre som var der og..) Utsikt i mange retningar, og tillaga med tau opp snøen i kløfta. Gjekk ned att stien ved alpinbakken til første heisen og følgde den tilbake.

Map    

Piz Arlara, Corvara, 2

Date:
27.06.2016

Tok bana til ... og gjekk ein rundtur via Piz Arlara og tilbake. Gjekk vegen ned att til Corvara. Såg ut til å vere eit flott alpinområde for dei som ikkje treng dei aller brattaste løypene ned... No var det svært frodig, med grøne enger og massevis av ulike villblomstrar. Dette området låg på andre sidan av dalen i høve Piz Boe, og sidan tåka no hadde letta, såg vi kvar vi skulle gått vidare for å nå toppen der...

Refugio Auronzo - kapellet..., Cortina, (2320 moh)

Date:
26.06.2016

På rundttur med bil via Anterselva og bortom Austerrike, køyrde vi tilbake via Cortina. Vi fann ut at vi ville opp og sjå korleis området ved 3 Cimes såg ut. Vi fekk ikkje sett toppane pga. tåke, men gjekk tur bortover frå Refugio Auronzo (2320 moh) og til eit kapell.

Ref. 5 Torri 2137 m - Nuvolau 2575 moh -

Date:
25.06.2016

Tok bane til Refugio Cinque Terri. Derfra gjekk vi opp på fin sti til Refugio Nuvolau, 2575 moh. Utruleg utsikt i alle retningar! Denne dagen var det ultraløp i området, så massevis av folk kom oppover og passerte på veg ned og rundt. Vi var difor glad at vi tok bana opp, sidan dei kom opp den stien i skogen som vi elles ville ha gått... Ned att gjekk vi nedanfor 5 Terri og ned stien rundt tilbake til vegen nede. Mykje bygningar og skyttargraver frå 1.verdskrigen langs ruta. Flott dag :)

Mollansmorki - Molden, Luster, 1118 moh

Date:
20.06.2016

Fin tur med god utsikt i mange retningar :) Lett å gå, med fin sti og merking. (Det var NM i motbakke to dagar tidlegare...) Vi klarte å behalde sola mesteparten av dagen! Med mamsa på tur.

Map    

Grøssete, Sogndal, 850 moh

Date:
19.06.2016

Vi gjekk opp og ned stien frå hyttefeltet. Fin tur med god utsikt over Sogndalsdalen. Med mamsa.

Map    

Støyvastøylen, Breim

Date:
18.06.2016
Map    

Trollenyken, 898 moh

Date:
12.06.2016

Trollenykjen Opp i varmt og strålande ver :) Denne gongen hadde eg med mamsa, som gjekk turen for første gong.

Map    

Ossætra, Eid, 422 moh

Date:
09.06.2016
Map